Falkenstein
on 09 mai 2012
Rekkehus med unik arkitektur. Eigen takterrasse og eineståande utsikt. Parkering i garasjekjellar i rekke A. 3, 4 eller 5 soverom etter behov.
Falkenstein er av dei beste områda i Førde, og vi har no gleda av å presentere 11 unike rekkehus med gangavstand til det meste av handel og offentlege tilbod i Førde. Med panoramautsikt over Førde og dei flotte omliggande fjella, vil dei fleste oppleve at eit rekkehus på Falkenstein er eit godt steg på veg mot det gode liv.
Falkenstein B6 er løyst med 11 flotte rekkehus fordelt på 2 bygningar. Rekkehusa går over 3 etasjar med eigen takterrasse. Dette er eineståande rekkehus midt i Førde sentrum. Her får du bu landlig i eit etablert bustadstrøk utan sentrumsstøy. Vi har planlagt felles uteområde slik at det ligg sørvendt, i tillegg har vi lagt vekt på at alle rekkehusa har eigne avskjerma solrike takterrassar. Vi har satsa på eit funksjonelt og framtidsretta prosjekt med ein moderne profil. Vi startar bygginga når vi har selt dei 6 fyrste rekkehusa, og med bakgrunn av dette har vi lagt inn ein kvitevarepakke frå Miele for dei seks fyrste kundane. Pakken består av oppvaskmaskin, keramisk induksjonskoketopp, steikeomn og innbyggings kombiskåp, og har ein verdi på kr 35.000,-
På Falkenstein B6 byggjer vi no 11 rekkehus fordelt på to bygningskroppar. Under det eine huset ligg der ein stor felles garasjekjellar og felles bod. Vi har utvikla fleksible rekkehus der du som kunde kan tilpasse huset til dine behov. Standardløysinga ligg inne med 3 soverom og 2 bad, men dette kan aukast opp til 4 eller 5 soverom og 3 bad dersom det skulle vere ynskje om det. Den unike takterassen gjev deg ei privat oase der du kan nyte gode stunder aleine, med familien – eller med gode venner. Vidare på Falkenstein skal Gravdalgruppa byggje fleire nye felt, men det er på det reine at dette vert leilegheitsprosjekt. Soleis er dette ei unik mogelegheit for deg som ynskjer eit rekkehus på Falkenstein. Sjå ein 360 graders 3D-visning av interiøret ved å klikke på linken til høgre på sida.
For å få maksimalt ut av utsikta og samstundes sikre gode soltilhøve valde vi å byggje ein flott privat takterrasse på rekkehusa. Her kan ein nyte gode stunder saman med familie eller gode venner, dette er noko som vi meiner gjer rekkehusa svært unike. (Sjå illustrasjon i bildeserien du finn på høgre sida.)
Rekkehusa på Falkenstein har ei unik plassering i Førde, og dette meiner vi skal vise igjen i kvalitetane vi har lagt inn. Utvendig er vindauga aluminiumsbelagt som sikrar lang levetid, og har i tillegg 2 lags energispareglas som er klassifisert som lågenergi. Alle tørre golv i leilegheitene vert levert med eikeparkett, og golva i entre, på bad og vaskerom vert levert med flis. Veggane på bad og vaskerom er flislagde, og i golvet i entre, bad og vaskerom er det lagt inn varmekablar. Vidare har vi lagt inn spottar på bad, gang, kjøkken og stove.
NB. Alle bilder er av illustrativ art og kan avvike frå leveranse.