Gravdalgruppa er ein betydeleg aktør innan leveranse til offentleg sektor. Vi har lang erfaring med bygging av skular, barnehagar og omsorgsbustadar.
Vi deltek primært i konkurransar der byggherre vel totalentrepriser. Ved totalentreprise utviklar tilbydarane løysingar i konkurranse med andre aktørar, slik at byggherren får fleire løysingar med pris å velje mellom. Dette gir stor valfridom for byggherre, samtidig som tida til bygget er ferdig blir redusert med ca ½ år samt at risikoen for byggherre blir redusert. Vi tilpassar naturlegvis alltid løysinga i tråd med byggherre sine behov og ynskjer. Totalentreprise bør soleis vere den føretrekte entreprisemodell blant anna med bakgrunn i prinsippet om at ingen bør ha respekt for ei løysing før ein veit kva den kostar.
Treng du innspel til framgangsmåte ved bruk av totalentreprise, kontakt dagleg leiar Gravdal Bygg as, Håvar Lundekvam.