Om Gravdalgruppa
Vi i Gravdalgruppa skal gjere det enklare for deg å bygge bustad
Vi tilbyr ferdige bustader der du ikkje treng å gjere noko meir enn å hente nøkkelen og flytte inn. Dersom du har eiga tomt kan vi bygge din draumebustad og om ynskjeleg styre heile byggeprosessen for deg.
Når de skal gjere bustaddraumen til verkelegheit, er det viktig å velje ein samarbeidspartnar de kan stole på. Ein samarbeidspartnar som ordnar alt de har tenkt på – og alt det de ikkje visste måtte gjerast.
Ein samarbeidspartnar som finn den løysinga som passar best for dykk. Som leverer det de har bestemt dykk for til den tida som er lova. Og som held den høge kvaliteten de både forventar og har fortent. Ein samarbeidspartnar som har gjort bygge-prosessen enklare.
Historikk
Gravdalgruppa (som består Gravdalgruppa as, Gravdal Prosjektutvikling as, Gravdal Bustadprosjekt as, Gravdal Bygg as, Gravdal Hus as og Gravdal Byggsenter as) har sidan 1961 vore ein av dei leiande aktørane innan bustadbyggebransjen i Sogn og Fjordane og Hordaland.
Hovudaktiviteten til gruppa er totalentreprisar innan privat sektor, fortrinnsvis i bustadmarknaden, men vi har i også god erfaring med bygging av omsorgsbustader, skular og barnehagar til offentleg sektor. Gravdalgruppa sel i eit normalår ca.100 einebustader, hytter, leilegheiter og rekkjehus. Vi har i dag gjennom eigne tomter/opsjonar på tomteareal potensiale til å bygge 1.000 bustader/hytter på Vestlandet. Vi har kjøkkenbutikk i Førde der vi tilbyr eit rikt utval av kjøkken, bad og garderobar frå 3 kjente leverandørar. I Førde har vi også eigen trelast/byggevareavdeling. Vi har eigne tømrarar.
Gravdalgruppa sitt hovudkontor ligg i Førde med kontor i Bergen. Vi er per i dag ca. 65 tilsette. I tillegg sysselset vi eit større tal underleverandørar. Gravdalgruppa forventar i 2011 ein omsetnad på ca. kr 300 mill. og har ein solid økonomi.
Vår visjon er at vi skal ha det moro på jobb og ha god lønsemd i det vi driv med. Vidare skal vi vere samfunnsbyggande til glede for våre tilsette, våre kundar, våre leverandørar og våre lokalsamfunn.