Gravdalgruppa

View Original

- Vi treng fleire prosjekt som Lindhagen

FLOTT: - Du finn ikkje mange leilegheiter med terrassar og utsikt som denne, seier Sunnfjord-ordførar Jenny Følling.

I neste veke flyttar dei første bebuarane inn i Lindhagen i Førde. Ordførar Jenny Følling fekk ein sniktitt inn i bygget, og vart begeistra: - Oj, så flott! Her kunne eg godt tenke meg å bu sjølv, seier Følling.

Historia til Lindhagen starta i 2017. Då lyste kommunen ut ein open konkurranse. Private skulle stå for utbygginga på den kommunale tomta, kommunen skulle kjøpe eit avgrensa tal leilegheiter. Gravdal Bustadprosjekt vann konkurransen etter å ha utarbeidd eit konsept i samarbeid med Nodrplan. Kommunen kjøpte to av dei 36 leilegheitene, resten vart seld eitt år før bygget var ferdig.

I Lindhagen e er det leilegheiter i mange størrelsar: Den minste er 36 m2, den største 165 m2. Det er også ein god miks av bebuarar i ulike livsfasar - nokre er førstegongskjøparar, andre har kjøpt sin eigen eldrebustad. Den yngste bebuaren er 19 år gammal, den eldste 85.

Det er parkeringskjellar under bygget, men i Lindhagen er ein ikkje avhengig av bil i kvardagen. Her er kort gåavstand til alt av servictilbod i Førde.

- Det er slik det vil bli framover - folk må sjølv kjøpe lettstelte leilegheiter der dei kan bu til dei blir gamle. Kommunen treng flere slike samarbeidsprosjekt med private utbyggarar, seier Følling.

I Lindhagen er det lagt vekt på å ha mange sosiale møteplassar for bebuarane. Romsleg foaje, stor fellesstove med overbygd terrasse ut mot hagen, trim/hobbyrom, stor felles takterrasse og to gjesteleilegheiter.

- Det er flott at det er så stor spredning i alder mellom bebuarane. Vi veit at mange som kjøper leilegheit i sentrum er einslege, då blir det ekstra viktig med gode fellesareal, seier Følling.

FLOTT UTSYN: Mot Angedalsvegen er det innglasa balkongar. Når vindauga er lukka funger dei som ein vinterhage, og du høyrer nesten ikkje støy frå trafikken nede på gata. Utsikta er det heller ikkje noko å seie på.

SIGNALBYGG: Lindhagen ligg sentralt i Førde sentrum, og samtidig i ein grøn oase mot elva og byparken.

- Det har vorte eit flott bygg. Eg likar godt innslaga av treverk mot den kvite fasaden og dei friske fargane i fellesareala, seier Følling.

KNIPS: - Kan eg få ta eit bilde? spør Jenny Følling som fall for kjøkkenet i denne flotte leilegheita.