Blink Hus

Vi har sidan slutten på 80-talet vore medlem av Blink Hus.

BLINK blei etablert i 1967, under namnet ”Byggeringen”. Felles huskatalog og arkitekttenester for eigarbedriftene var sentrale oppgåver. I 1992 var det ein større oppgradering i selskapet, og produkt namnet blei endra til Blink Hus. Blink Hus har i dag medlemsbedrifter frå Agder i Sør til Nordland i nord. 

EIN DEL AV MESTERGRUPPEN
Mestergruppen er landet sin største bustadbyggar, hyttebyggar og byggevarekonsern.  Blink Hus er saman med blant anna Mesterhus Hus, Systemhus og Saltdalshytta ein del av Mestergruppen. Mestergruppen eig også byggevarekjedene XL-Bygg, Byggtorget og Byggeriet.  Mestergruppen sin hovudeigar er Ferd.

Gravdalgruppa leverer bustader og hytter kun i eigne tomtefelt. Ønskjer du å bygge einebustad eller hytte på eiga tomt, kan du ta kontakt med ein av Blink hus sine andre forhandlarar i Sogn og Fjordane eller Hordaland.