Falkenstein ZIK-ZAK

Førde

Falkenstein ZIK-ZAK

Velkommen til terrasseblokka ZIK-ZAK
Her vil du få stor privat terasse og ein meir sosial måte å bu på!

GravdalFalkenstein_B10_v8.jpg

Terrasseblokka ZIK-ZAK blir bygd på bustadområde B10, som er det nest siste byggeområde innanfor reguleringsplanen for Falkenstein. Dette er eit godt etablert bustadområde, plassert på Førde si solside. På nokre minutt går du til matbutikk, handelssenter, frisør, helsetilbod, trening, Førdehuset og restaurantar i sentrum med meir.

ZIK-ZAK er inspirert av buforma cohousing: Kvar bebuar har sin eigen private bustad, i tillegg til gode sosiale fellesområder.

Den romslege foajeen er bygd for å vere ein uformell møteplass. Her hentar du posten, og du kan slå deg ned med ein kopp kaffi og prate med naboen. Fellesrommet kan du leige når du sjølv treng eit samlingslokale, eller når sameiget ønskjer å møtast til ulike sosial aktivitetar. Sameiget får også eit gjesterom med bad, som du kan leige når du får gjestar.

Leilegheitene har gode kvalitetar som vassboren varme, ekstra takhøgd på kjøkken og stove. Dei store vindauga slepp inn mykje lys, og frå terrassen kan ein nyte den fantastiske utsikta over Førde.

Måten vi bur på påverkar oss. Vi trur løysingane i ZIK-ZAK legg grunnlaget for eit godt bumiljø og eit sosialt naboskap.

01.jpg

ZIK-ZAK – der ein møtast litt oftare

Praten over hagegjerdet er like gamal som menneske sin trong til å samle seg i nabolag. Og så svann den kanskje litt hen bak hagegjerder og hekkar. Alle veit at eit kjekt møte med andre gjer noko med oss. I blant treng det ikkje vere meir enn å ta ein prat med naboen med postkassa. Andre gangar samlar kanskje nabolaget seg til ein festleg kveld. Med bustad i ZIK ZAK er det meste lagt til rette for at ein kan bu sosialt. Den romslege foajeen er perfekt for å sette seg ned og prate med naboane, over ein kopp kaffi. Fellesrommet kan ein både leige når ein sjølv treng større plass til, til dømes i samband med ei feiring, eller når sameiget finn ut at ein har lyst å gjere noko saman som naboar.

02.jpg

ZIK-ZAK – for deg som vil bu landleg, men sentralt, i eit sosialt bumiljø

Alle veit kor kjekt det er å treffe kjentfolk. Eit smil og eit hei spreier godt humør. Berre det å treffe naboen og slå av ein prat løftar på humøret. Tenk då å bu ein stad der du møter naboen i ein romsleg foajé, der ein kan slå av ein god prat over ein kopp kaffi? Små sosiale møter i kvardagen gjer underverk for livskvaliteten vår. Måten vi bur på kan både bidra til å isolerere oss, og til å gjere oss meir sosiale. Vi i Gravdalgruppa ønskjer å bidra til å skape bustadar som fremmar det å bu sosialt. Vi har lete oss inspirerer av både gamle klyngetun, og fenomenet cohousing dei siste åra. Difor er vi no stolte over å kunne presenterer ZIK-ZAK – ein meir sosial måte å bu på.

03.jpg

ZIK-ZAK har fantastisk utsikt

Mange ønskjer i dag å bu fredeleg, landleg og rolig. Ein stad der du kan nyte soldagar på terrassen utan støy. Ein stad der du slepp unna trafikk, sentrumsstøy og anna ståk. Men samtidig vil vi jo bu nær alle tenester og tilbod vi nyttar oss av. Og så er det faktisk slik at ein kan få det beste av begge verdnar: Bustadblokka ZIK-ZAK ligg på Falkenstein – Førde si solside. Her bur du i eit stille og fredeleg nabolag, prega av natur, med kort veg til skule og barnehage. Og likevel er ikkje Førde sentrum, og alle tilbod der, lenger unna enn ein 5-10 minuttar lang rusletur i passe tempo. Her nyt du med andre ord bylivet på landet.

04.jpg

ZIK-ZAK – med vidsyn på Førde

I planlegginga av ZIK-ZAK har vi lagt stor vekt på at leilegheitene skal vere lyse og trivelege, for å matche dei flotte omgivnadane og utsikta. Her bur du fritt og luftig på Falkenstein, med vidsyn ut over Førde, frå fjord til fjell. Difor har stove/kjøkken ekstra takhøgd, på 2,7 meter, samt store vindauge. Så veit vi at ingen sit og ser ut vindauge på utsikta frå bustaden sin dagen lang. Men ei god utsikt gjer noko med oss likevel. Anten ein sit på ein hustrig haustdag og ser veret leike, eller ein ser ut over eit solfylt sommar-Førde. Same når det er på året, med bustad i ZIK-ZAK på får du storslagen utsikt. Når veret spelar på lag er sjølvsagt livet best ute. Difor har leilegheitene romslege terrassar, som alle ligg vendt mot sør. Fleire av leilegheitene har 2 stk. terrassar, og alle har takoverbygg over deler av terrassen.

05.jpg

ZIK-ZAK- Bu i gangavstand til sentrum

Terrasseblokka ZIK-ZAK ligg på Falkenstein i Førde. Eit flott, rolig buområde på Førde si solside, prega av skular, barnehage, bustadområde og grøne område. Her bur du tilbaketrekt og fredeleg, utan at du treng gi slepp på «bykvalitetane». Du går nemleg til Førde sentrum på nokre minutt, når du ønskjer å nytte deg av tilboda der. Og når du er heime bur du tett på naturen. Og ikkje minst har du flott utsikt. I ZIK-ZAK bur du høgt og fritt, og har vidsyn frå fjord til fjell. Kvar leilegheit har minst ein terrasse, som er delvis overbygd, og ligg vendt mot sør. Ein perfekt stad for å nyte stilla, grille, ha selskap eller berre nyte livet i sola.

06.jpg

ZIK-ZAK – bu meir sosialt

Folk trivast best saman med andre folk. Og difor vil folk flest bu i nærleiken av andre folk. Men å bu nær andre er ikkje det same som å bu sosialt. For at folk skal kunne treffast, må ein skape naturlige møteplassar. Samtidig vil folk ha sin eigen oase å trekke seg tilbake til. Begge desse omsyna møter kvarandre i bustadblokka ZIK-ZAK. Tanken bak ZIK-ZAK er å kombinerer folk sitt behov for sin eigen private bustad, med behovet for å bu sosialt. Difor har vi laga flotte fellesområde, der naboar kan møtast, både i fest og alvor. Og enno viktigare er det å ha møteplassar med låg terskel. I ZIK-ZAK er det første du møter når du trer inn, ein romslige foajeen. Ein uformell møteplass, der ein kan hente posten, lese avisa, ta ein kopp kaffi og ikkje minst slå av ein prat med naboen.

Planteikningar

Kontakt

bente.jpg

Bente Andenæs

Tittel: Seljar bustadprosjekt
Område: Sogn & Fj.
Mobil tlf: 90 82 14 17
E-post: ba@gravdal.no