Finn din draumebustad i

Gravdalsholten

Finn din draumebustad i
I GANG: Arbeidet er i full gang med denne flotte tomannsbustaden i Gravdalsholten. Hus 1 (t.h.) med store terrassar og fantastisk utsikt, kan bli ditt.

I GANG: Arbeidet er i full gang med denne flotte tomannsbustaden i Gravdalsholten. Hus 1 (t.h.) med store terrassar og fantastisk utsikt, kan bli ditt.

Vi har ledig ein del av denne flotte tomannsbustaden i Gravdalsholten i Førde. Her er det god plass til heile familien med to stover og fire soverom.

Gravdalsholten er eit nytt og attraktivt tomtefelt med fantastisk utsikt, berre få minutt i bil eller buss frå Førde sentrum. Her kan du sikre deg ein ferdigprosjektert tomannsbustad, eller kjøpe einebustadtomt og bygge hus akkurat slik du ønskjer det.

Området er barnevennleg med skog og mark like utanfor døra. Samstundes er du berre nokre minutt unna alt av tilbod i Førde sentrum.

I tomannsbustaden, som no er under bygging, får du 142 m2 BRA bustadareal pluss ei romsleg sportsbod på over åtte m2. I underetasjen er det tre soverom, stove, bad og vaskerom. I hovudetasjen finn du stove og kjøkken, eit fjerde soverom, bad og ei bod. På dei to romslege terrassane kan du nyte sola både på dag- og kveldstid.

LYST OG LEKKERT: Frå stove og kjøkken på hovudplanet har du fantastisk utsyn over heile Førde.

LYST OG LEKKERT: Frå stove og kjøkken på hovudplanet har du fantastisk utsyn over heile Førde.

IMG_2758 (2).JPG

Gravemaskinene er i sving

Tomtearbeidet er i gang i Gravdalsholten. Vi har åtte ledige tomter for sal.

Tilkomst til feltet skjer frå E39 på Reset. Det blir gangveg kopla på det eksisterande gangvegnettet i Slåttebakkane og til buss-stopp der. I reguleringsplanen er det sett av framtidig stopp for skulebuss ved inngangen til feltet.

IMG_7937 (2).JPG

Fiks ferdig

Tomtene blir levert med ferdig veg, vatn og avløp fram til tomtegrensene.


INFO: Ved inngangen til feltet finn du oversikt over ledige tomter og informasjon.

c01.jpg
bente.jpg

Kontakt:
Bente Andenæs

Tittel: Seljar bustadprosjekt
Område: Sogn & Fj.
Mobil tlf: 90 82 14 17
E-post: ba@gravdal.no