Piletunet i Parken

Førde

Piletunet i Parken

Nyt livet – i gangavstand frå Førde sentrum

Piletunet – andre tunet i Parken Bustadtun, totalt 40 bustadar, fordelt på rekkehus og leilegheiter, frå 41 m2 til 103 m2.

Eksterior_Piletunet_v4_R.jpg

Bustadar for ungdom, familiar, seniorar – og alle andre.

I Piletunet held vi fram filosofien frå Kastanjetunet: Her skal alle kunne finne seg ein god bustad, i ulike prisklassar og storleikar. Kontakt seljar og få avklart kva som er ledig og i kva prisklasse desse ligg.

Sjå kva to ulike generasjonar i Kastajentunet seier om bustaden sin

”Vi tenkte lenge på å flytte til noko meir lettvint, vi kunne godt ha gjort dette lenge før. Det kan eg seie deg: Eg skal rå alle godt vaksne til å flytte i god tid.”
Alf og Aud Romarheim.

”Vi tenkte det var betre å komme oss inn på bustadmarknaden og bygge eigenkapital, enn å leige i fem år. Pengane ein brukar på å leige, ser ein aldri att!”
Marte Sva og Andreas Vallestad.

Oversikt hus for hus-finstova.jpg

Finstova, no med fire mindre leilegheiter.

Vi har omprosjektert Finstova til fire leilegheiter fordelt på to plan. Leileghet E2 og E4 har fast parkeringsplass i garasjekjellar + sportsbod. Leilegheit E1 og E3 har sportsbod ved inngangen, men ikkje parkering. (Alle selde).

Les meir her:

Terasse.jpg

Sentrumsnært men fredeleg

Har du lyst å bu i gangavstand til alt Førde har å by på, men tilbaketrekt frå trafikkstøy? Då er Piletunet ideelt for deg! Her bur du landleg, men nær nok byen til å nå det meste til fots. Ferdig utbygd består Parken Bustadtun av fire klyngetun. Ein liten landsby i byen, ein god stad å bu – og leve.

Sosiale og bilfrie tun

Piletunet ligg i Hafstad bydel, og blir bygd som eit klyngetun: seks bygg, rundt eit bilfritt, indre tun. Dette blir innreia med benkar, bord og område for leik. Det blir ein sosial møteplass, og ein trygg og god leikeplass for ungar. Kvar bustad har også ein privat uteplass. Bil og sykkel set du i parkeringskjellaren under Piletunet, der ein også finn sportsboda.

Det gode liv på landet, i byen

I Piletunet skal det vere godt å bu. Du slepp å nytte fritida på vedlikehald, eller bruke bilen kvar gong du skal noko. Det er to minutt å gå ned til Jølstra, og det fantastiske området Hafstadparken. Der kan ung som gammal utfalde seg. Kombinasjonen av sosiale møteplassar og eigne uteområde, gjer at du alltid kan velje om du vil delta, eller slappe av på din eigen terrasse.

Med bustad i Piletunet får du blant anna: 

  • Bilfritt indre tun, med leikeplass, benkar og bord.

  • Landleg plassering, med ro og fred.

  • Parkeringskjellar med parkering for bil, sykkel, samt sportsbod.

  • Vassboren golvvarme frå Førdefjorden.

  • Næraste nabo er Rema 1000, Hafstad Idrettspark, bensinstasjon og Nærleiken Barnehage.

  • Gangavstand til ”alt”.

  • Eit nabolag med fin miks av bebuarar i ulike generasjonar.

Soverom:  1-3
Bruksareal: Frå 40,7 m2 – 102,7 m2 + sportsbod 5,7 m2 – 9,3 m2
Finn-kode: 112421922  

For meir informasjon, ta kontakt med Bente Andenæs
90 82 14 17/ ba@gravdal.no

Kontakt oss

bente.jpg

Bente Andenæs

Tittel: Seljar bustadprosjekt
Område: Sogn & Fj.
Mobil tlf: 90 82 14 17
E-post: ba@gravdal.no