Studio K43

Urbane studioleilegheiter i Førde

Studio K43

No er Studio K43 i sal!

Studioleilegheitene K43 i Kyrkjevegen i Førde er ute for sal, og tre er allereie selde. No kan kan du sikre deg ei av Førdes tøffaste leilegheiter. Her bur du sentralt, midt mellom sentrum og sjukehuset.

Studioleilighet_m_person_07022019.jpg

Særeigne studioleilegheiter

Takhøgda på 3,5 meter og vindauga som strekker seg frå golv til tak gir K43 ein skikkeleg wow-effekt. Du finn ikkje noko liknande i Førde!
Her bur du i gang- eller sykkelavstand til alt av tilbod i Førde - midt mellom sentrum og sentralsjukehuset.

StudioK43_4A_interiør_1.jpg

Røft og tøft

I ei studioleilegheit får du mykje for pengane. Her har vi funne smarte løysingar og nytta kvar kvadrat-meter på ein slik måte at du har alt du treng på litt mindre plass. Dei 15 leilegheitene blir levert med eksklusive Sigdal-kjøkken. Ein del av leilegheitene har røffe, synlege betongveggar som gir eit urbant preg. Og den spesialdesigna Samba-trappa fungerer som eit møbel i seg sjølv.

StudioK43_4E_interiør_3-takvindu.jpg

Sjå mot stjernene

Alle dei 15 leilegheitene har praktisk hems. I toppetasjen er det ekstra takhøgde og her kan du få takvindauge som tilval. Det er ikkje feil å kunne ligge i senga å sjå opp på stjernehimmelen!

StudioK43_set udefra altan.jpg

Uteliv

Dei seks endeleilegheitene har, gode, solrike balkongar. Midtleilegheitene har fransk balkong med doble dører slik at ein også der kan nyte sola, utsikta og elva som renn forbi.

StudioK43_altan_vesthjørnet.jpg

Fri utsikt

Alle balkongane er på 7 m2. Her kan du nyte sola både til frukost og ettermiddagskaffien.

StudioK43_fellesterrasse.jpg

Panorama

Frå 4.etasje er det utgang til stor felles terrasse, solrikt og med panoramautsikt over sentrum. Her kan ein grille eller samlast i andre sosiale lag.

Aerial view 19.jpg

Midt i smørauget
I Studio K43 bur du tett på alt som skjer i Førde: Kafear, shopping og uteliv i sentrum. Kino, teater eller symjehallen i Førdehuset. Skal du på høgskulen eller til jobb på sjukehuset, er det berre nokre minutt på sykkelen.

GODE KVALITETAR I STUDIO K43:

• Utvending solskjerming

• Balkongdører med tiltefunksjon for lufting

• Bod i same etasje som leilegheita

• Felles uteområde med panoramautsikt i 4. etg.

• Innandørs sykkelparkering i 1. etg.

• Heis

• Carport og ekstra sportsbod kan kjøpast

• Tilkomst via ny avkøyring frå Kyrkjevegen

• K43 ligg innanfor bomringen

• Sigdal-kjøkken med øy og integrerte kvitevarer

• Romsleg bad med plass til vaskemaskin

• Djupe vindaugskarmar med sitteplass

• Ein del leilegheiter har røffe betongveggar

• Stor hems med spesialdesigna trapp

• Eikeparkett

• Gang med garderobe og god oppbevaring

• Balkong eller fransk balkong


BilderTrapp-K43.jpg

Ulike løysingar

Området under trappa blir levert med pc-pult (bilete t.v.). Vil du heller ha skapdører og ekstra hyller kan du få det som tilval.

Kontakt

bente.jpg

Bente Andenæs

Tittel: Seljar bustadprosjekt
Område: Sogn & Fj.
Mobil tlf: 90 82 14 17
E-post: ba@gravdal.no