Kalkulatør i Førde

På grunn av aukande arbeidsmengde søkjer vi etter kalkulatør for våre prosjekt

Som kalkulatør vil du få følgjande oppgåver

• Kalkulasjon av eigenutvikla prosjekt og prosjekt frå offentlege og private aktørar
• Innhente prosjektprisar på vareleveransar
• Innhente prisar frå underentreprenørar

Vi ønskjer at du:
• Er fagleg dyktig og har engasjement og ambisjonar
• Har gode samarbeidsevner og samtidig er sjølvstendig
• Trivst i eit travelt miljø
• Likar utfordringar og tek ansvar
• Vil vere med og ta ansvar for selskapet si utvikling
• Er fleksibel, ryddig og strukturert
• Har erfaring med bruk av data og gjerne kalkulasjonsverktøy

Vi tilbyr
Ein organisasjon med eit godt kompetansemiljø der vi har mange spennande prosjekt som skal realiserast framover. Vi nyttar LEAN i styringa av våre prosjekt. Du vil bli ein del av teamet med prosjekt og byggeleiarar som saman med støttefunksjonane våre løyser spennande oppgåver. Vi tilbyr konkurransedyktige lønsvilkår.

Stillinga krev at du er utdanna som tømrar med Mesterbrev, eller tømrar med erfaring og med tillegg av teknisk fagskule.  Er du tømrarar med fagbrev og har lang erfaring, er du også truleg godt kvalifisert.

Send søknad og CV til
Gravdal Bygg as v/Sverre Martin Stensæth,
sms@gravdal.no.
Du kan også ta kontakt på telefon 48 88 18 14 for meir informasjon.
Søknadsfrist: 01.11.2018

Vi byggjer framtidas bustader! Les meir om det her.

Les meir om Gravdalgruppa her.

Asbjørn Osland