Prosjektleiar / Ingeniør -Førde

bilde.jpg

På grunn av aukande arbeidsmengde søkjer vi etter prosjektleiar for gjennomføring av våre byggeprosjekt i Førde og omliggande område.

Som prosjektleiar vil du få følgjande oppgåver

• Ta ansvar som fagleg og koordinerande leiar for våre byggeprosjekt innan bustadmarknaden, private byggherrar og offentleg bygg
• Vere ein god representant ovanfor kundar
• Innhente og forhandle prisar med underleverandørar
• Vere ansvarleg for kvalitetssikringa i prosjektet
• Tenkje HMS og trivsel som ein del av jobben
• Ta del i utvikling av nye prosjekt
• Drift og økonomioppfølging


Vi ønskjer at du:
• Er fagleg dyktig og har engasjement og ambisjonar
• Har gode samarbeidsevner og samtidig er sjølvstendig
• Trivst i eit travelt miljø
• Likar utfordringar og tek ansvar
• Vil vere med og ta ansvar for selskapet si utvikling
• Er fleksibel, ryddig og strukturert

 

Vi tilbyr
Ein organisasjon med eit godt kompetansemiljø der vi har mange spennande prosjekt som skal realiserast framover. Vi nyttar LEAN i styringa av våre prosjekt. Du vil bli ein del av teamet med prosjekt og byggeleiarar som saman med støttefunksjonane våre løyser spennande oppgåver. Vi tilbyr konkurransedyktige lønsvilkår.

Stillinga krev at du er utdanna bachelor/ingeniør bygg, og vi ser gjerne at du har god erfaring, men oppfordrar også nyutdanna til å søkje stillinga.

Send søknad og CV til
Gravdal Bygg as v/Sverre Martin Stensæth,
sms@gravdal.no.
Du kan også ta kontakt på telefon 48 88 18 14 for meir informasjon.
Søknadsfrist: 01.11.2018

Vi byggjer framtidas bustader! Les meir om det her.

Asbjørn Osland