Stilling ledig som kalkulatør i Bergen

Grunna auka arbeidsmengde søkjer vi
Kalkulatør for våre byggeprosjekt i Bergen og omliggande område.


Som kalkulatør vil du få følgjande oppgåver
• Kalkulasjon av eigenutvikla prosjekt og prosjekt frå offentlege og  private aktørar
• Innhente prosjektprisar på vareleveransar
• Innhente prisar frå underentreprenørar

Bilde.jpg

Vi ønskjer at du:
• Er fagleg dyktig og har engasjement og ambisjonar
• Har gode samarbeidsevner og samtidig er sjølvstendig
• Trivst i eit travelt miljø
• Likar utfordringar og tek ansvar
• Vil vere med og ta ansvar for selskapet si utvikling
• Er fleksibel, ryddig og strukturert
• Har erfaring med bruk av data og gjerne kalkulasjonsverktøy

Vi tilbyr
Ein organisasjon med eit godt kompetansemiljø der vi har mange spennande prosjekt som skal realiserast framover. Vi nyttar LEAN i styringa av våre prosjekt. Du vil bli ein del av teamet med prosjekt og byggeleiarar som saman med støttefunksjonane våre løyser spennande oppgåver. Vi tilbyr konkurransedyktige lønsvilkår.

Stillinga krev at du er utdanna som tømrar med Teknisk fagskule i tillegg eller at du er erfaren tømrar med Mesterbrev.  Er du tømrarar med fagbrev og har lang erfaring, er du også truleg godt kvalifisert.

Send søknad og CV til
Gravdal Bygg as v/Sverre Martin Stensæth,
sms@gravdal.no, tlf 48 88 18 14 eller Ruben Neteland, rn@gravdal.no  tlf. 91765263. Ta gjerne kontakt på telefon meir informasjon.

Ønskjer du meir informasjon om Gravdal Bygg as/Gravdalgruppa og våre spennande prosjekt finn du dette på denne sida.

Søknadsfrist: 17.03.2019

Asbjørn OslandAktuelt