– Dette kunne vi gjort lenge før!

Bilde2.jpg

Dei første bebuarane i Kastanjetunet har alt budd nokre månadar i Parken. Blant dei finn vi Aud og Alf Romarheim, som etter 42 år på Vaskarvollen flytta over elva.  

Overgangen frå eit 60-tals hus til moderne leilegheit og lite vedlikehald, tok dei i november, då dei flytta inn i Framgarden i Kastanjetunet.
– Gamlehuset var bygd i 1964. Vi flytta inn der i 1975, og vart buande i 42 år, seier Aud og Alf Romarheim. Dei ønskjer velkommen inn i deira nye heim, der dei har budd sidan november i fjor.  
– Her har vi trivast frå første stund, fortel dei.   

På jakt etter ny bustad – og trefte blink
Dei hadde byrja leitinga etter ny bustad, då dei fekk auge på ei annonse for Kastanjetunet. 
– Vi hadde kikka på ein del plassar. Då vi såg annonsen tok vi ein prat med Bente Andenæs, og enda her, seier Aud.
– Det er kjekt å bu nær sentrum, og fint å kunne sjå ”heim”, seier ho. 
– Dette vart eit blinktreff, smiler Alf. 
– Korleis var det å flytte frå ein eldre bustad til ein heilt ny?
– Eg trudde det skulle bli litt vanskeleg, men det var det ikkje. Etter eit par dagar følte vi at vi hadde budd her lenge, smiler ho.
– Bustaden har gode planløysingar, det er lettvint å bu her og det er heis i bygget. Det er fint. 
– Eg tenkte det kom til å bli ein overgang, men det var berre å kose seg frå første dag. Det har vore heilt herleg. Eg har ikkje sakna gamlehuset eit minutt. Det gamle huset var litt kald, her er det godt og varmt, slår Alf fast og smiler nøgd.
– Einaste vesle saknet er å bu like nær sentrum som før. Eg gikk dit ofte før, så eg lengtar litt etter den nye brua som skal komme over Jølstra. Men det har vore mykje snø og is, så det har ikkje vore høve til å gå heller. Eg gler eg meg til våren, når ein kan vere ute, møte naboane og gå turar. Det likar eg, smiler Aud.  


Bilde 1.jpg

Eit enklare liv

Motivasjonen for å flytte var så enkel som at dei ønskte eit enklare liv – i eit meir praktisk hus.

– Gamlehuset hadde mykje trapper. Alf er ikkje er så god til å gå trapper lenger, og det var større, cirka 90 kvadratmeter. Det var meir tungvint å bu der, og vi trong ikkje så mykje plass. No har vi cirka 69 kvadratmeter, og det er meir enn nok. To soverom held i massevis. Alle tre borna våre bur i Førde, så vi treng i grunn ikkje gjesterom.

– Ein kvir seg jo litt på sjølve flytteprosessen, alt ein skal gjere i forkant, men vi kvidde oss ikkje på det å skulle flytte inn i nytt hus, seier ho. 

– Det er meir det med å bere ut og inn møblar og slikt. Men med tre søner som bur i Førde, hadde vi jo god flyttehjelp. Eg kan ikkje bere sjølv, så det er kjekt å ha born, smiler Alf.

– Frå kjellaren og opp på lemmen var det tre trapper i det gamle huset. Her er alt på eit plan, og det er veldig fint. Vi hadde lenge tenkt i kor på å flytte til noko meir lettvint. Vi kunne godt ha gjort dette lenge før. Det kan eg seie deg: Eg skal rå alle godt vaksne om å flytte i god tid, ler Alf.
– Kor tid er i god tid då? 
– Eg blir 82 og Aud blir 78, så vi er no vaksne begge to. I god tid er i alle fall før du blir sytti. Då byrjar kroppen å rakne litt, seier Alf. 

Vil du vite meir om Piletunet, så ta kontakt med prosjektseljar Bente Andenæs. 90 82 14 17 / ba@gravdal.no