-Vart nett slik som eg ville

Glenn.jpg

Det første som møter deg når du kjem til Hermansverk i Leikanger kommune frå Sogndal, er Stadheimgarden – Gravdalgruppa sitt felt med utsyn over Sognefjorden. 

Ein som slo til på første byggesteg var Glenn Sælid, som bur med kjærasten sin i ei moderne leilegheit. To soverom, alt på eit plan og open kjøkken- og stoveløysing gjer det til ei praktisk, lys og triveleg leilegheit. Det første som slår deg når du kjem inn, er utsynet over den mektige Sognefjorden, 50 meter unna. I det sola bryt litt gjennom, er det lett å sjå for seg late sommardagar på altanen, med utgang frå stova. 

Fekk den akkurat som han ville

Det er ikkje første bustaden hans, men den første han sjølv har sett sitt preg på frå start. 
– Eg selde bustaden min på Leite, og flytta inn til mor medan eg jakta på ein ny. Så dukka prosjektet Stadheimgarden opp. Eg var tidleg inne, men det tok litt tid før dei kom i gang. 
Den tida nytta han til å planlegge korleis han ville ha leilegheita. 
– Eg endra det meste. Gravdalgruppa var særs hjelpsame, eg er veldig nøgd. Blant anna ville eg ha ein kontrastvegg med betong-look i stova, som går igjen på kjøkken og badet. 
Eit anna grep er at dusjkabinettet kan foldast saman til ein stor heilfigurspegel. No har han budd på Stadheimgarden eit halvt års tid, og der trivst han godt. 
– Det er ein utruleg fin stad å bu. Bortsett frå meg er det og nesten berre single folk i dei andre leilegheitene, i ulike aldrar, seier han med glimt i auget. – Det er eit godt bumiljø med stadig meir folk. Det blir eit fint byggefelt. 

– Kva er det beste med å bu her?
– Leilegheita var nett som eg håpa: Dette er drøymeleilegheita mi, og her skal eg bli gammal. Eg likar alt med den, spesielt at eg eig den sjølv, ler han. – Eg trivst godt i alle rom, men favoritten er ”PC-rommet”, seier han og peiker på soverommet ved stova. – Eg sit mykje med PC’en, og har utsikt mot Sognefjorden. Open kjøkken- og stoveløysing fungerer også utmerka. Eg kan lage mat, og likevel delta i det som skjer i stova, eller sjå på TV, gliser han.

Sentrumsnært med utsyn over Sognefjorden
 Om du har lyst å bu i Leikanger, finn du ikkje ein betre plass enn på Stadheimgarden, slår Bente Andenæs fast. Ho er seljar for Gravdalgruppa, og trekk fram sterke kvalitetar.

– Feltet ligg utruleg flott til: Sentrumsnært, med gangavstand til arbeidsplassar, butikkar og sentrumsfunksjonar på Hermansverk. Her får du flott utsyn over fjorden – det gir sjelefred det! Her kan du kose deg på terrassen, og sjå på livet på småbåthamna, smiler ho.

Første byggetrinn på Stadheimgarden vart overlevert sommaren 2016 og bestod av åtte leilegheiter.

– Andre byggetrinn med seks leilegheiter er utseld og under oppføring. No byrjar salet på Hus D,  det siste byggetrinnet på Stadheimgarden. Her er det seks leilegheiter, med heis og flott utsikt. Leilegheitene har frå 1-3 soverom, og er i storleik 64–97 m2 pluss sportsbod, så det er bustadar som dekker dei fleste behov. Kjøper du no til fastpris, får du med deg eventuell verdistiging. Du betaler berre 10 prosent av kjøpesummen ved signering av kontrakt, og resten ved overtaking. Dette er siste sjanse til å sikre seg ein moderne leilegheit med fantastisk utsikt på Stadheimgarden, så det er berre å kaste seg rundt, smiler ho. 

Har du også  lyst å bu på Stadheimgarden, ta kontakt med Bente Andenæs mobil 908 21417 eller ba@gravdal.no. Du finn også meir informasjon på våre heimesider www.gravdal.no