Bli med på laget

Ledige stillingar

Vi søkjer stadig etter dyktige tilsette med topp kompetanse innan våre fagområde. Vi kan tilby spennande utfordringar og store utviklingsmulegheiter innanfor ein krevjande bransje i rask utvikling.

- Gjennom meir enn 50 år har Gravdalgruppa vore ein av dei leiande aktørane i Sogn og Fjordane innan bustadutvikling og bygging.Vi etablerte oss i Bergen på starten av 2000-talet og har sidan då vore ein aktiv aktør innan bustadfeltutbygging også i Bergen. Vi byggjer også barnehagar, omsorgsbustader og andre bygg.

Gravdalgruppa styrer heile prosessen frå kjøp av tomt, via bygging til overlevering av ferdige bustader.Vi har i dag gjennom eigne tomter/opsjonar på tomteareal potensiale til å bygge1000 bustader i form av leilegheiter, rekkehus og einebustader på Vestlandet.

Gravdalgruppa sitt hovudkontor ligg i Førde. Vi omset årleg for vel kr 200 mill., og er per i dag 50 tilsette inkludert 7 ingeniørar og tømraravdeling med 20 tømrarar. Vi har god økonomi, men vi planlegg vekst i inntening og omsetnad. Derfor treng vi deg.

Vi har som visjon at vi skalha det moro på jobb, ha god lønnsemd i det vi driv med og vere samfunnsbyggande.