7 uunnverlege på kjøkkenet

  Eplekjernefjernar, mangodelar og ein kakespade som spelar musikk. I dag finst det så mange produkt til kjøkkenet at ein aldeles kan gå seg vill i jungelen. Her har vi samla sju sikre vinnarar du faktisk vil ha nytte av.

Eplekjernefjernar, mangodelar og ein kakespade som spelar musikk. I dag finst det så mange produkt til kjøkkenet at ein aldeles kan gå seg vill i jungelen. Her har vi samla sju sikre vinnarar du faktisk vil ha nytte av.

1.Kaffikokar
Nordmenn er glade i kaffi. Her til lands går det med rundt 11 millionar koppar kaffi kvar einaste dag. Og det seier seg sjølv at ein treng utstyr til å brygge denne kaffien med. Anten du likar den trufaste moccamasteren eller forskjellige typar presskanner best, så bør det vere rom for ein kaffikokar på disken heime.

Tips: For ferskast mogleg vare tek det ikkje lang tid å kverne kaffien sjølv. Ei lita, elektrisk kaffikvern får det til å lukte godt på kjøkkenet alt før det surklar i kolben.

2. Brødristar
Nei, takk til tørre brødskiver! Brødristaren er ein gammal travar, men få dingsar kan forvandle frukosten din så enkelt som den. Gløymde du å handle inn nytt brød på veg heim før helga? Brødristaren gjev deg full english breakfast på eit blunk. Rista brød, speilegg og bønner er den perfekte starten på ein lat søndag! Mest glad i søtt? Toast med godt smør, syltetøy og ein dampande kopp te er også herleg.

Tips: Ein liten modell kan fungere heilt fint, men tar du deg råd til ein litt større, kan du også riste pitabrød og friske opp eit stykke focaccia til lunsjen.

Et bilde publisert av CafeInn (@cafe.inn)

3. Foodprosessor/kjøkkenmaskin
Rive, hakke, kna, blande, kverne: Ei kjøkkenmaskin tek dei store jobbane for deg. Om du ikkje har eit kjærleiksforhold til å kna brøddeigen for hand, er det superlett å ha ingrediensane i kjøkkenmaskina, skru på eltefarten og ta eit kvarters pause. Kjøkkenmaskina er allsidig, og sjølv om det kan kjennast som ei dyr investering, vert den raskt ein god hjelpar til all slags matlaging og baking.

Tips: Du treng ikkje den dyraste typen på markanden, men det er kjekt med ei maskin som har relativt lågt støynivå. I tillegg bør den vere enkel både å bruke og å reingjere. Kjøper du ein modell som har eigen blender som ekstrautstyr, treng du ikkje tenke på neste punkt på denne lista. Det er nemleg:

4. Blender
Det er lov til å ikkje vere hekta på grønn smoothie, men ein blender kan komme godt med likevel. I sommarvarmen kan du til dømes mikse saman ein god dip, litt hummus eller heimelaga salsa og servere saman med grønsaker ogmaischips. Freistar det med noko leskande på altanen, kan ein blender også brukast til å lage enkle og friske sorbetar av frukt og bær!

Tips: Ein blender som står støtt og rommar nok, er det første du bør tenke på. Du vil dessutan få ekstra glede ut av blenderen om den er kraftig nok til å knuse harde grønsaker, is eller frosen frukt.

5.  Handmiksar
Silkemjuk, luftig og lekker smyg eggedosisen seg over tunga. Verdas enklaste dessert, og så vedunderleg nostalgisk! Med ein handmiksar er du veldig godt hjelpen når det kjem til både dessertar og bakst. Hobbykonditoren i deg treng ein handmiksar til alt av kakerører og kremar, så her er det viktig å ha ein modell som ligg godt i handa. 

Tips: Leit etter ein miksar som jobbar i det stille, og som har god rekkevidde når det kjem til hastigheit. Då ligg alt til rette for økter på kjøkkenet som heile familien kan sjå fram til med forventning. Nokre baker - andre smaker?

6. Stavmiksar
Den enklaste og minste miksaren av dei alle, noko som i seg sjølv er eit pluss. Men stavmiksaren har dessutan stor rekkevidde, ein liten tryllestav til kjøkkenbruk! Med ein stavmiksar i handa, kan sjølv det enklaste utgangspunkt med grønnsaker og krydder bli til ei fargesprakande og sunn suppe.

Tips: Om du verkeleg vil utnytte stavmiksaren sitt potensiale, bør du teste kor enkelt og kjapt det er å mikse saman ein heimelaga majones. Instruksjonar og video ser du her:  Majones på 1-2-3

7. Digital kjøkkenvekt
Av og til er det heilt ok å lage mat på slump. Du tar litt av dette og litt av noko anna, og har ein ukomplisert og velsmakande middagsrett. Andre gonger kan det vere greitt med litt meir presisjon, og då er ei digital kjøkkenvekt god å ha. Dei nyare modellane treng absolutt ikkje ta stor plass på kjøkkendisken heller! Du kan få stilige, slanke kjøkkenvekter i forskjellig mønster og med fargar som ser bra ut på akkurat ditt kjøkken. 

Ta gjerne turen innom fylket sin flottaste kjøkkenbutikk i Førde, vi hjelper deg med glede! Les meir om våre kjøkken her.