Den perfekte julegåva

Kva er vel ei betre julegåve enn å feire jul i sin heilt nye heim? Det var det Kinga og Kristoffer Noszka ønskte seg. Og 14. desember kunne dei overta det nye huset sitt på Hotelltoppen i Førde. 

– Det er vår første eigedom. Det er ei stor oppleving i seg sjølv. Huset skulle eigentleg vere ferdig i mars neste år, så at vi vart ferdig før jul vart verdas finaste julegåve. Det blir fantastisk å feire jul her, ler Kristoffer Noszka og ønskjer velkomen inn. 
Inne er det varmt, lyst og triveleg, og utsikta over Førde er fantastisk. Huset summar av folk. Det er dagen for overlevering, og Kristoffer og kona Kinga ventar spent. Dei har ei veke på seg til å komme i hus før jul, og det skal dei få til. Foreldra er komne frå Polen for å hjelpe til.
– Eg gler meg verkeleg til å flytte inn no, seier Kinga. Babyen Blanka ler og fektar med armane. Ho gler seg nok, ho også. Blanka sov seg gjennom overtakinga, men er blitt husvarm på ein blunk. 

Fall pladask
Kristoffer og Kinga er begge legar, høvesvis på nevrologisk og radiologisk avdeling på Førde Sentralsjukehus. Dei flytta til Førde i 2014, etter tre år i Stavanger. 
– Først fekk eg jobb, deretter fekk Kinga fast stilling. Det er kjempeflott miljø på FSS, og vi trivast godt i Førde. Derfor er vi blitt verande her. Og då må ein jo ha ein stad å bu. Vi kom i kontakt med Bente Andenæs hos Gravdal, som hadde eit spennande prosjekt på lur. Då eg fekk sjå teikninga av huset forelska eg meg. Bente tok oss med opp på tomta, og då vi såg utsikta, bestemte vi oss der og då. Det måtte bli dette, ler han og fortel at ventetida gikk fort. 
– Og det er utruleg gøy å sjå huset ferdig. Det er draumehuset vårt, stråler Kristoffer.

Utsikt.jpg

Utsikt, sommarsol og terrasse
– Kva er det beste med huset då?
– Utsikta! Den er fantastisk, smell det utan tenketid. – Og så gleder eg meg til sommarsol på terrassen oppe på taket. Vi har uteplassar på bakkenivå og to terrassar, og store vindauge med utsynet over Førde, fjella og fjorden. Eg gler meg til nyte solnedgangar her. 
Dei var tidleg inne i prosjektet, og kunne påverke løysingane i huset. Som så mange andre, fokuserte dei på å oppgradere kjøkken og bad. Trappene inne har lys i trinna. Dei har også lagt til rette for smarthus. Dei hadde eit ønske om å skilje bad og vaskerom, og derfor ”ofra” dei eit soverom til fordel for eit stort, lyst og fantastisk bad. Der har dei fått plass til stort badekar, og frå badet kan dei nyte utsikta over Førde. 
– Huset går over tre plan. Det er fordeler og ulemper med det, men vi likar løysinga. Begge jobbar turnus, og har i blant behov for å sove på dagtid. Då er det greitt å ha ein ekstra etasje å fordele seg på. Vi har to stover, ei i andre og ei i tredje etasje. Det synest vi er veldig greitt, avsluttar kjøparane av Hotelltoppen. 

Parken: den perfekte julegåva – til neste år
– Er det råd for andre å sikre seg ei slik julegåve, Bente?
– Ikkje i år, ler ho. – Det er ei ledig leilegheit på Hotelltoppen, som er klar til våren, seier ho. – Men i midten av desember neste år er Parken i Førde klar. Det er ei perfekte julegåve til neste år. Vi har også ledige hus i Mallasvika i Naustdal. Vi lover ikkje at dei er ferdig til jul, men vi skal gjere vårt beste. Begge felta blir fantastiske: Parken eit nytt konsept, eit klyngetun, med kjempeflotte leilegheiter. Og nærleik til butikk, sentrum og Hafstadparken. Når brua over til Førdehuset kjem er det berre å selje bilen – og bruke rullator, sykkel eller beina, ler ho. 
– Mallasvika har gode, rimelege hus, som kostar mindre enn tilsvarande i Førde. Og høve for eit liv i nær kontakt med naturen. Vi har laga eit flott fellesområde nede ved sjøen, ein solrik plass med terrassar, benkar og bord. Og så er det høve til å kjøpe båtplass. Der er det berre å tusle ned i fjæra, gå om bord i båten og tøffe ut mot havet, avsluttar Bente Andenæs.