Dette blir Førdes mest attraktive buområde

Området rundt Hafstadparken er i full utvikling, og ein av dei som meiner at dette kjem til å bli Førdes mest attraktive bustadfelt, er Per Øyvind Storevik.

Han er dagleg leiar i Førde IL, og meiner ringverknadane av Hafstadparken er store.

– Dette området er i rivande utvikling, både i aust og vest, og med den nye brua over til Førdehuset er vegen til Førde sentrum kort. Det er med på å gjere Hafstad bydel til eit svært attraktivt buområde. Kombinasjonen landleg, sentralt og lett tilgjengeleg er gull! Skal ein først snakke om eigedom som investering, så må ein bustad i Parken vere ein innertiar, seier Storevik.

Attraktivt for både aktive og inaktive
Han meiner det må vere fantastisk for både unge og gamle å bu ein liten rusletur frå ei mengde aktivitetstilbod. Her er det flatt og fint, og enkelt å komme seg rundt.
 
– Hafstadparken tilbyr noko for alle. Både den aktive familien, og dei meir inaktive, vil finne glede i å vere næraste nabo til eit slikt tilbod. Barnefamiliane vil oppleve at dei får betre tid, då ungane enkelt kan springe bort i Hafstadparken. Bur ein i dette området, så slepp ein å bruke tid på å køyre ungane hit og dit. Dei kan sykle eller gå til det meste i Førde.
 
Å vere nabo til eit så godt tilbod, betyr ikkje at ein må vere aktiv, men ein har alle moglegheiter til å vere det.

– Hafstadparken er open for alle til ei kvar tid. Her kan ein rusle seg ein tur på stiane og nyte det flotte området langs elvebreidda. Trimapparata er for alle, og kan brukast uansett kva form du er i. Eg vil seie det er eit lågterskel–tilbod. I framtida skal vi også få på plass eit øvingsfelt for hundeklubben. 
 

Breitt tilbod
Tilbodet er breitt i Hafstadparken. Her er lagt opp til både organisert og uorganisert aktivitet, og ein finn både BMX-bane/sykkelløype, skatepark, sandvolleyballbane, handballbane, trimapparat, kunstgrasbaner, stiar,  basketballbane, rulleskibane og rekreasjonsområde til leik og turgåing.
 
– Hafstadparken er stadig i utvikling, og etterkvart ønskjer vi fleire tilbod på plass, blant anna ei skøyteløype og hoppbakke. Det er allereie overraskande mykje aktivitet her med tanke på at vi er plassert litt i ”bakevja”. Når brua over til Førdehuset kjem på plass, ligg vi svært sentralt til, og bruken av Hafstadparken vil auke.

Brua fører også til eit breiare tilbod for dei som vil bu i området.

 – I tillegg til kort avstand til sentrum, vil ein ha kino, symjehall, teater, bibliotek og meir i nabolaget. Det må då vere heilt topp for barnefamilien! 

”Verdas beste barnehage” i nærleiken
Storevik har kontor i Hafstadparken, og har følgt Nærleiken barnehage sidan dei opna. 

– Eg har inntrykk av at det er verdas beste barnehage. Tenk å ha tilgang på dette fine området og alle aktivitetstilboda her? Det ser ut til at ungane stortrivst, og eg ser dei stadig på tur rundt omkring. For barnefamilien vil eg tru kvardagen blir mykje enklare om ein bur berre nokre hundre meter unna barnehagen. Der kan ein spare mykje tid.

Med gåavstand til eit breitt aktivitetstilbod, barnehage, skule og sentrum, har Storevik trua på området som god buplass.
 
– Det trur eg det er mange som har. Eg har inntrykk av at heile Førde-samfunnet har trua på Hafstad bydel. Når brua er på plass, vil mykje skje. Bustadprosjektet Parken er veldig spennande, og eg trur det blir eit populært område å bu i.

Parken bustadprosjekt like ved Hafstad Idrettspark har rekkehus og leilegheiter for sal, i prisklassen 2.590.000 – 5.190.000  med BRA 56m2- 134 m2.

Meld di interesse her