Einebustad Vallø- med alt på eit plan

Bilde1.jpg

Vil du bu nær naturen men likevel sentralt?
No kan du bu i eit heilt nytt stort bustadfelt med panoramautsikt, og det berre 5 minutt frå Førde sentrum.
I Gravdalsholten har vi ein einebustad, einebustadtomter og tomannsbustad for sal. 
Vi har prosjektert en einebustad med alt på eit plan, med moglegheit for innreiing av loft.
Her bur du sentrumsnært, med panoramautsikt- og samtidig midt i naturen - med rike turmoglegheiter. 
I Gravdalsholten kan du kjøpe ein einebustad, di eiga tomt og bygge din eigen bustad akkurat slik du vil ha den.
Vi har også attraktive einebustadtomter, utan byggeklausul. Tomtestorleik frå 660 m2. 
1.byggetrinn har vi også for sal 1 ferdigprosjektert tomannsbustad.
Einebustaden vi har prosjektert er plassert på tomt 5, tomt 1 - 3 er selde.

"BoSmart -hus""
Vi ønskjer at unge fyrstegångsetablerar og einslege skal ha moglegheit til å realisere bustaddraumen sin. 
Med et BoSmart-hus har du ein moderne og kompakt bustad med unik arkitektur og utforming. De er arealeffektive og har smarte innredningsløysingar. 
Vallø er planlagt slik at du fint kan bu på eit plan og innreie andre etasje seinare. Byggekostnadene er held nede med at arkitekten har tenkt funksjonelt, her er ingen unødvendige vinklar eller fordyrande materialar. 
Bustadane er relativt små med de har alt som trengs til ein livstidsbustad. BoSmart-bustadane har universell utforming. 
BoSmart-bustaden har ikkje rom for forandringar. Her kan både barnefamiliar og seniorar trivast. 
Vindusløysinga gir flott utsikt og lys inn. Open planløysing i stove og kjøkken. Tre soverom, bad og bod. Dette er ein praktisk bustad med alt på eit plan.
Bustaden vert levert med ferdigmalte plater i tak og på veggane. Kvite slette formpressa dører. Balansert ventilasjon med varmegjenvinning. Omn med stålpipe - Lotus Mira 4 med sideglas og golv plate i glas. 
Kjøkken frå Sigdal i modell Uno i farge heilkvit. Laminat benkeplate med rett forkant. 
Bad vert levert med flis på golv og baderoms plater med flismønster på veggane. Baderomsinnreiing frå Ballingsløv Bright. 4 Led spottar i himling. Varmekabel med termostat på golv bad og i entrè.
Sanitærutstyr blir servert med servantbatteri, golvmontert toalett, dusjhjørne str. 90 x 90 med dører som kan slås mot veggen. Røyropplegg for vaskemaskin og 200 liter VV-tank. Det blir montert 1 stk. frostfri utekran.
Garderobeskap type combiskap str. 100 x 2100 vert levert med 1 stk pr. sengeplass.
Bustaden er klargjort for uttak for lading av el.bil i eller på utvendig bod. 
Kontakt og tilkopling kan bestillast som tilval.
Elektroinstallasjonar blir levert i samsvar med normal god standard og antal punkt blir levert i samsvar med NEK 400/399 som omhandlar plassering av inntaksskap/målaranlegg utvendig på vegg.
Det er medtatt 1 stk uttak for tele/data.
Dersom en vil gjere endringar er det fullt mogleg som tilval.

Adkomst
Bustadfeltet har tilkomst frå E39 via industriområde på Reset i Førde kommune.
Ta av frå E39 til vegen Holtemyrane og følg vegen forbi Nortura til vegen stoppar.
Der finn du skilt som viser oversikt over tomtane vil har for sal i Gravdalsholten bustadfelt. 
Vallø er plassert på tomt 5, tomt 1 - 3 er seld. 
For å komme til dei ulike tomtene, følg stikkene som er merka med blått i toppen.

FINN-kode: 115059297