Enklare liv på solsida

Familien Gunn og Norodd Rørstadbotnen, og deira fire gutar, budde tidlegare i einebustad på Hornnes i Førde. Ønsket om eit enklare liv, med mindre vedlikehald og husarbeid, førte dei inn til Falkenstein. I februar flytta dei inn i ein tomannsbustad på 130 rutemeter fordelt på to plan – og går no våren i møte på Falkenstein. Her har dei fantastisk utsyn over det meste av Førde, samt nærleik til skogen og fjellet like bak. 

Til dagen er Norodd salsleiar for Audi på Berge & Co. Dette gjer det lett for oss å finne fram til det rette husværet. Fire Audi’ar på tunet er dørskilt godt nok. Tomannbustaden ligg heilt fremst i feltet, med luftig utsyn. Bakom er ytterlegare sju bustadar i ferd med å bli ferdigstilt.
– Velkommen inn, seier han og viser inn i huset. Det første som fangar blikket er eit golv til tak-vindauge i stova, som forvandlar Førde sentrum, Hafstadfjellet og Halbrendsnipa til eitkunstverk innramma av veggane, som endrar seg alt etter kva vinkel du står i.  På kvar si side av vindauget har sjølvsagt godstolane fått plass. I stova har minstemann tatt seg ein middagskvil med nettbrettet, medan tenåringsgutane fordriv tida fram til fotballtrening med kvar sin kopp kaffi.
Huset summar av liv og røre – som eit godt hus skal.

Norodd og Gunn byr på kaffi, og slår seg ned.
– Kva var årsaka til at de valte å flytte inn på Falkenstein?
– Vi hadde eit stort hus, som kravde mykje vedlikehald og reinhald. Vi flytta inn i eit mindre hus fordi vi ønska eit lettare hushald. Gunn er for tida langtidssjukmeld, det var også ein faktor. I starten var det ein overgang å gå ned i storleik på både hus og rom.
– Stova var veldig liten i starten, smiler ho. – Det tok litt tid før eg vente meg til den, men no er vi veldig godt nøgd. Ein mister jo dei gamle naboane når ein flyttar, og dei saknar vi jo. Men vi gler oss til folk byrjar å flytte inn i byggetrinnet rett bak oss her, slik at vi kan byrje å bygge nye gode naboskap.
– Vi har faktisk ein gammal nabo som flytta inn i nabofeltet her borte før oss, seier Norodd. – Så vi byrjar ikkje heilt på null. 

– Kva er det aller beste med å bu slik som de gjer no?
– Vi har jo berre budd her to månadar, så eg skal ikkje seie at vi er inne i alle vanane enno, men det er særs sentrumsnært her, seier han. – Vi har gangavstand til det meste. Vi var og åt middag på Den Gamle Nabo i sentrum her i veka, og tusla heim igjen etterpå. Eg tok ikkje tida, men det var under ti minutt frå sentrum og heim til huset. 
Med  umiddelbar nærleik til fleire barnehagar, Førde barneskule, Førde Ungdomsskule og ikkje minst Førdehuset, er det kanskje ikkje rart at det har busett seg mange barnefamiliar på Falkenstein og i nabofelta Solbakken, Klovene og Toene.

– Ungane har komme veldig mykje nærare skulen. Minsteguten går på Førde Barneskule, to minutts gange herifrå, og så har vi ein som går på Hafstad vidaregåande. Den tek det ti minutt å gå til. Det vart veldig mykje lettare for dei å gå til skulen no, seier ho.
– Eg er ikkje sikker på om han som går på Hafstad er like einig i det. Han fekk lappen for litt sidan, så han vil helst køyre til skulen. Han seier det gjekk fortare å køyre frå Hornnes enn å gå herifrå, smiler Norodd.
– Det er eit veldig godt miljø for ungane her, med mykje barn og ungdom. Og ikkje minst verkar det som det er eit veldig inkluderande miljø her, seier ho og gjev eit godt døme. – Då vi flytta hit ringte dei andre borna i klassen som bur her, og lurte på om han ville gå saman med dei til skulen. Det syns eg som mor var veldig fint. Det er veldig greitt å ha eit så kjekt miljø for dei unge rundt seg.

– Går de meir no enn før?
Eg fyller i alle fall mykje mindre drivstoff, men eg veit ikkje om eg kan skryte på meg å gå så mykje meir enno, seier Gunn.
– Jau, du gjer no det, supplerer Norodd. – Vi merkar heilt klart at vi har mindre behov for å nytte oss av bilen. Eg er jo nøydd å køyre bil i jobben min, seier Audi-seljaren Nordodd. – Men vi brukar bilen mykje mindre på kveldane, spesielt på køyring til diverse aktivitetar for borna. Nett no står eg på farten ut på Haugum til fotballtrening. Normal ville eg gått, men i dag har eg ansvar for å ta med ballane, så då lyt eg køyre, seier han og ber gutane gå og få på seg fotballutstyret sitt. 

– Kva type tilbod er det i gangavstand frå dykk?
– Alt i Førde ligg i gangavstand. Om eg skal til Førdehuset på fotballkamp, kino, i symjehall og slikt, så tek det under fem minutt å gå.  Det er tre-fire minutt å gå til nærmaste matbutikk, og eit par minutt til å gå til Førde sentrum med alle tilboda der. Vil vi ete middag ute, tek det oss ti minutt før vi har menyen i hendene. Vi merkar at vi er komen nærare kultur og aktivitetstilboda i Førde, og at dei blir enklare å ta i bruk. Vi reiser nok oftare på ting i til dømes Førdehuset no enn før.
Ein tur til Hafstadparken, Førde sitt nye familieområde, tek cirka 15 minutt.

– Finst det ulemper?
– Eg er litt spent på når yngstemann veks til, om sentrum blir veldig spennande? Vi er veldig nær sentrum. Det kan sikkert vere freistande.
– Vi merkar at det blir litt meir mas om at han og dei andre ungane her skal ned på Coop Mega og handle. Det var det ikkje tema då vi budde på Hornnes, seier han.

– Korleis har dei andre i familien funne seg til rette?
– Vi har funne oss vel til rette heile familien. Det tok lengst tid for dei eldste sønene våre. Den eldste bur i Bergen, og han syns ikkje dette er ”heime” når han er i Førde på helgevisitt. Men det går seg til, smiler Norodd.

– Kva er favorittrommet dykkar?
– Soverom og stove, ler Norodd. – Nei, det er jo stova og kjøkkenet. Det er fint å sitte ved kjøkkenbordet med kaffikoppen og sjå ut vindauget, seier han og ser ut over halve fjellheimen rundt Førde og heile dalbotnen.
– Vi har ei lys og triveleg stove og kjøkkenløysing, sjølv om det er mindre enn det vi hadde. Huset er i det heile mykje meir lettstelt og kompakt enn det gamle. Helgevasken er ein draum no i høve til tidlegare. Det er enorm forskjell på kor mykje tid vi nyttar på å gjere reint i huset. Helgevasken går nokre timar kjappare enn før, ler ho.

–Korleis ser ein typisk kveld ut i heimen?
–Vi har to stover: hovudstova oppe, med store vindauge og flott utsikt, og ei fjernsynsstove nede i første etasje. Vi hadde to stover, ei i kvar etasje, i det gamle huset også. Kveldane går mykje på same viset som før: Ungane ser fjernsyn i ei stove, og vi i den andre, ler han.
– Men i det gamle huset var vi nede, og dei oppe, så no har vi sikra oss utsikta, smiler Norodd.

– Fortel litt om omgjevnadane?
– Det er overraskande stille og roleg her! Det er utruleg – vi bur nesten i Førde sentrum – men det er så stille. Det er ingen støy å snakke om. Det overraska oss gledeleg, seier Gunn. 
– Vi har nærleik til naturen, som vi har store planar om å ta meir i bruk framover. Rett bak oss her kan vi gå opp til Førdenipa, Hornnesstøylen og Skeistøylen. Det er berre opne døra og byrje å gå i skog og fjell. Det er heller ikkje mange minuttar å gå bort til Hafstadkleiva. Planen er å ta den meir i bruk. Det er utruleg flott utsikt når du kjem opp dit – spesielt om kvelden, seier han.  
– Vi bur vi perfekt til for å finne fram sykkelen, og ta oss ei runde rundt Førde. Det er veldig flatt og fint. Hadde eg ikkje hatt firmabil, så hadde sykkel vore eit kanonalternativ til og frå jobb for min del, seier han. – Og ein el-sykkel – det hadde vore tingen for deg Gunn.

– Fram til no har det vore for kaldt til å ta i bruk terrassen, fortel Norodd, og viser fram uteområdet utanfor kjøkken og stove. Utsikta er lite å seie på, og terrassen har tilbaketrekte og skjerma område, om brisen skulle dra på. Grillen er også komme på plass, klar for vår og varme. 

– Vi held på å lage eit nytt uteområde nede no, seier han og peiker ned på rammeverket til ei platting på grunnplan. – Det er greitt å kunne veksle mellom oppe og nede. Her oppe er det fint på varme dagar, om det skulle blåse litt eller vere litt kaldt er det finare på bakkeplan.

– Kva ville du sagt til andre som lurer på å busette seg på Falkenstein?
– Vi er kjempefornøgde med å bu her, og har vore det frå start av. Ingen grunn til å kvi seg for å bu her. Vi er godt nøgd med området, huset vårt og ikkje minst Gravdalgruppa. Vi har vore godt behandla heile vegen. Og ikkje minst har dei laga til utruleg fine uteområde rundt oss. Falkenstein er ein god plass å bu.