Falkenstein B7 - Førde

10 nye flotte moderne rekkehus med einebustadkvalitet på Falkenstein. Kun 2 igjen.

GravdalFalkensteinB7_F2-Web.jpg

Bu godt på Falkenstein

Vi har 10 nye moderne rekkehus med varierte løysingar, fordelt på to rekker. Pr. no har vi 2 ledige for sal, dette er 7 og 9.
Alle rekkehusa har fire soverom, to stover, to bad, vaskerom, to balkongar/terrassar, sportsbod, eigen hage, carport m.m. Rekkehusa er over tre plan, der du kjem inn på hovudplan.
Studer alle planløysingane godt då det er mange variantar, så er du sikker på at du finn den løysinga du liker best.
Rekkehusa ligg høgt og fritt, med fantastisk utsikt over Førde. Her kan du nyte morgonkaffien i fred og ro på ein av balkongane. Når arbeidsdagen er over parkerer du sykkelen eller bilen i carporten og går inn døra: Du er heime! Her er alt lagt til rette for eit enkelt og godt liv, med moderne komfort og eleganse. Middagen lagar du på eit kvalitetskjøkken frå Huseby Agil, der kvitevarer frå Miele er inkludert i prisen. Kveldane nyt du i ei av stovene, eller på ein av dei solrike terrassane. Fjell og natur er like i nærleiken, så her er det berre å snøre på seg joggeskoa eller setje seg på sykkelen og ta ein tur ut i det fri. 
På Falkenstein får du ein heim som gjer kvardagen din enkel, med praktiske planløysingar og rom som er gode å vere i for heile familien. Du kan flytte rett inn utan å måtte tenke på oppussing eller vedlikehald. Du kan rett og slett bruke fritida di til det du sjølv ønskjer! Om du er tidleg ute, kan du være med på å setje ditt eige preg på utforminga av bustaden, så langt det let seg gjere. 
Falkenstein er eit av dei mest solrike områda i Førde sentrum. Her er det stille og fredelig, men likevel gå avstand til alle sentrumsaktivitetar. Det tek rundt 10-15 minutt å gå til sentrum av Førde.
 

GravdFalkensteinB7_B-Web.jpg

Vi er sikker på at du vil trivast i eit heilt nytt og fint rekkehus på Falkenstein.
Våre samarbeidspartnarar:
Arkitekt: Bo Arkitekter AS
Illustrasjonar : Webdesign Group
Salsoppgåve: Rein Design

Standard

Utvendige fasadar er kledd med Møre Royal vedlikehaldsvennleg kledning, og terrasseborda er frå Møre Royal.
Vindauge vert levert med tre innsida og aluminiumsbelagt på utsida. Rekkverk på balkongar leverast som glasrekkverk/plater med stolpar i stål eller aluminium i standard utføring.
Innvendige veggar leverast med  gipsplater med duk malt med to strøk maling. 
Kvitlasert 3-stavs eikeparkett, flis i entre med varmekablar, flis med sokkelflis på bad og vaskerom med varmekablar.
Bada blir levert med baderomsplater som har flismønster. Vi leverer vedomn med stålpipe, av typen Lotus Mira 4 med sideglas, og golvplate i glas. 
Rekkehus 5-6-7 kan velje om ein vil ha Lotus Mira 4 med brannvegg, eller vil ha levert Hwam 3120C m/Dibt utan brannvegg. Her kan kunde sjølv velje løysning ein føretrekk. 
Sentralstøvsuger vert levert med uttak i kvar etasje. Kvitevarer frå Miele er inkl. i leveransen.
Vi leverer rekkehusa klargjort for Smarthusløysing. Du vel sjølv om du vil installere dette no eller seinare. Med Smarthusløysing kan du mellom anna trådlaust kontrollere lys og oppvarming, opne dører og styre musikk via telefon eller nettbrett, sjå melding på telefon dersom det skjer noko med huset ditt når du ikkje er der for å nemne nokre moglegheiter. Sjå meir på www.intin.no

 

Huseby_Sirius_Crop_3000-m7hmydgye9hgpc3usk0aud64jy1s4jrbamkm2exm8m.jpg

Kjøkken frå Huseby

Kjøkkenet kjem frå Huseby: Agil modell Sirius. Her kan ein velje mellom 10 forskjellige fargar utan pristillegg.
Kjøkken blir levert med integrerte kvitevarer frå Miele. Kjøl/frys, keramisk platetopp, steikeomn og oppvaskmaskin.
Benkeplate 30mm i standard laminat med rett kant, her kan en velje fritt blant 30mm laminatplater med rett kant.

 

 

 

 

 

Elektriker/Rørlegger

Bad underetasje: Fire LED-spottar i himling.
Kjøkken: 1 stk lyslist under kjøkkenskap
Inngang utvendig: 1 stk utelampe
Utvendige balkongar: 1 stk utelampe + stikkontakt. På balkong i front er det i to spottar i staden for utelampe.
Ved balkongdør i U-etasje: 1 stk utelampe + stikkontakt.
Røykvarslar med batteri og tilkopling for 230 V følgjer med i kvart rekkehus. 1 stk i kvar etasje, seriekopla. 
1 stk frostfri utekran ved inngang til kvart rekkehus.
Sanitærutstyr: Servantbatteri, dusjhjørne, vegghengt toalett, opplegg for vaskemaskin. 
Kontakt oss for fullstendig leveransebeskriving. 

 

Betalingsplan

20 % ved oppstart grunnarbeid
30 % ved tett bygg
40 % ved klart til måling
10 % ved overlevering
Vi stiller bankgaranti på innbetalte beløp

Matrikkelinformasjon

Kommunenr: 1432
Gårdsnr: 61
Bruksnr: 9

Alle bilder på sida er illustrasjonar !