Gravdalsholten – nytt attraktivt bustadfelt i Førde

No kan du bu i eit heilt nytt stort bustadfelt med panoramautsikt og det berre 5 minutt frå Førde sentrum. 

I Gravdalsholten har vi einebustadtomter og tomannsbustader for sal. Her bur du sentrumsnært, med panoramautsikt – og samtidig midt i naturen – med rike turmoglegheiter.

I Gravdalsholten kan du kjøpe di eiga tomt og bygge din eigen bustad akkurat slik du vil ha den. I første byggetrinn legg vi ut for sal 7 attraktive einebustadtomter, utan byggeklausul.  Tomtestorleikar: frå 660 m2 til 824 m2.

Eller du kan la oss gjere jobben for deg: I første byggetrinn
har vi også for sal 3 ferdigprosjekterte tomannsbustader. 
Bustadene har ulike løysingar og storleikar.

 

Tilkomst

Bustadfeltet har tilkomst frå E39 via industriområde på Reset i Førde kommune.
Ta av frå E39 til vegen Holtemyrane og følg den forbi Nortura til vegen stoppar.
Der finn du skilt som viser oversikt over tomtane vil har for sal i Gravdalsholten bustadfelt. Kvar tomt i første byggetrinn er merka med tomtenr ute på tomta.

For å komme til dei ulike tomtene, følg stikkene som er merka med blått i toppen.

Seljar: Gravdal Bustadprosjekt as - eit selskap i Gravdalgruppa
 

 

Tomtene

Einebustadtomtane vert selde utan byggeklausul
Tomtene blir levert med ferdig vei, vatn og avløp fram til tomtegrensene.

1. byggesteg vil bestå av 7 tomter for sal:

Tomt 1 = 740 m2
Tomt 2 = 712 m2
Tomt 3 = 707 m2
Tomt 4 = 660 m2
Tomt 5 = 662 m2
Tomt 13 = 778 m2
Tomt 14 = 824 m2

Sjå alle detaljar i salsprospektet
 

Status reguleringsplan:

Reguleringsplanen for bustadfeltet er under slutthandsaming i Førde kommune. Høyringsfristen er ute.
Planen har ID1432-201500028. Denne kan de finne på heimesida til Førde kommune, www.forde.kommune.no

Tomtane blir lagt ut for sal med atterhald om endelig stadfesting av reguleringsplanen og kommunal godkjenning for øvrig.

Kommunenr: 1432
FINN-kode:  960 29301

2-mannsbustadar

I tillegg til tomter har vi også som nemnt innleiingsvis for sal 3 ferdigprosjekterte 2-mannsbustadar i ulike storleikar i same feltet.
Illustrasjonar av 2-mannsbustader finn du nedanfor.

Planløysingar 2-manns bustader

Kontakt