Grillmat til balkong-sesong

  I hagar og på uteplassar knitrar det frå grillane om dagen. Og det er ikkje rart, for når lette sommarvindar fører med seg duftene av saftige grillspyd og friske krydderurter,   er effekten smittsam.

I hagar og på uteplassar knitrar det frå grillane om dagen. Og det er ikkje rart, for når lette sommarvindar fører med seg duftene av saftige grillspyd og friske krydderurter, er effekten smittsam.

Det er ingenting i vegen med å bruke den aller enklaste løysinga når ein skal grille middag på terrassen - ein pakke pølser og ei ketsjupflaske. Men hugs at det ikkje treng å ta stort lengre tid å hive saman eit lett og delikat alternativ: Lakseburger! Fisk i burgerform får ein herleg, sommarleg vri sidan du kan legge til dei smakane du sjølv likar best: spicy krydder, fersk chili eller middelhavsurter som rosmarin fungerer alle kjempegodt. Og så veit vi jo at dei minste ofte er glade i mat som vert servert på denne måten, så her får du heile familien med på laget.  

I denne oppskrifta har vi mellom anna brukt basilikum og tabascosaus, men her kan du variere alt etter kva slags smak du er mest lysten på. Med litt kvitlauk og persille, kan du til dømes få ein gresksinpirert burger som minner om asurblått Middelhav.

Du treng:

1 rødlauk, finhakka

Fersk basilikum, finhakka

Ca. 1 ts salt

1/4 ts nykverna pepar

600 g fersk laksefilet utan skinn, i terningar

1 ss tabascosaus

1 stor eggekvite

Slik gjer du:
Køyr laksen ei runde i kjøkkenmaskin, og lat gjerne farsen vere litt grovkverna så du får god tekstur på burgeren. Bland laksefarsen saman med krydder og finhakka rødlauk, og smak til. Visp eggekvite og tabascosaus lett saman, og ha blandinga over i laksefarsen, rør godt inn.

Del den ferdige blandinga i fire, og form til burgerar som er om lag 1-1,5 cm tjukke. Brett grillfolie dobbelt og pensle godt med olje, før du grillar lakseburgerane i rundt 3-4 minutt på kvar side.

 

Servér med:
Lettgrilla burgerbrød og ein frisk yoghurtdressing med urter. Kombiner gjerne med ein fargerik salat med ruccula, avokado, mango, limesaft og litt chili. Dette er både knasande godt og passar ypperleg til laksen.

Håpar det smakar! Og du, laksen er kanskje lekker når den er rosa, men vi andre bør hugse å bruke solfaktor i varmen.

Treng du tips til korleis du kan gjere uterommet ditt innbydande og klart for middagsselskap? Les her om korleis du kan gjere balkongen din sommarklar. 

Les artikkelen om sommarklar balkong her !