Heilt fantastisk å bu på Falkenstein!

  Her er Jeanette Haga og Jan Reidar Kalstad under bygginga av huset. No har dei flytta inn og er strålande nøgde.  (ALLE FOTO - JEANETTE HAGA)

Her er Jeanette Haga og Jan Reidar Kalstad under bygginga av huset. No har dei flytta inn og er strålande nøgde.  (ALLE FOTO - JEANETTE HAGA)

“Eg storkosar meg rett og slett i det nye huset!” Slik oppsummerer den nyutdanna siviløkonomen Jeanette Haga (26) frå Askøy det å flytte inn i flunkande ny bustad på Falkenstein.

-Det beste med å bu her oppe, er at vi kan sitte på terrassen utan å høyre anna enn fuglekvitter, og likevel er det berre ti minutt å gå til næraste butikk, kafé, jobb og treningssenter. Eg er sikker på at folk er lei av å høyre meg seie det, men det har vore heilt fantastisk å flytte inn her. 

Etter fleire år med studiar i Bergen, er no siste eksamen levert og Jeanette har endeleg komme seg på plass i huset saman med sambuaren Jan Reidar Kalstad. 

   Detaljane er viktige for å få det akkurat slik du ønskjer å ha det i heimen.

Detaljane er viktige for å få det akkurat slik du ønskjer å ha det i heimen.

Kjekt å kunne setje sitt eige preg

Ein av grunnane til at dei valde å kjøpe nytt på Falkenstein, var moglegheita til å setje sitt eige preg på bustaden.

-       Eg er så glad for at vi har hatt moglegheita til å setje vårt eige særpreg på huset. Det var jo den viktigaste grunnen til at vi bestemte oss for å kjøpe heilt nytt. Ein må setje seg inn i alt frå fliser og kjøkkeninnreiing til belysning og el-uttak. Det er tidkrevjande, men når du ser det endelege resultatet er det jo så moro!

 

No går det lykkelege sambuarparet sommaren i møte på Falkenstein. Her har dei fantastisk utsyn over det meste av Førde, samt nærleik til skogen og fjellet like bak. Akkurat utsikta har vore viktig for dei begge.

-       Utsikta er jo x-faktoren til huset. Eg likar veldig godt at huset er bygd slik at vi skal få maksimalt ut av den også. Vi kan nyte utsikta frå både terrassen, stova, kjøkkenet og soverommet.

    Vi kan nyte utsikta frå både terrassen, stova, kjøkkenet og soverommet.

 Vi kan nyte utsikta frå både terrassen, stova, kjøkkenet og soverommet.

Perfekt med vedlikehaldsfri heim
Både Jeanette og Jan Reidar har ein travel kvardag, så det å kjøpe heilt nytt var også ein måte å sleppe å måtte bruke tid på oppussing og andre tidstjuvar. 

-       Eg har lyst til å trekke frem det at huset er tilnærma vedlikehaldsfritt. Vi har ein travel kvardag, men huset på Falkenstein har gitt oss moglegheita til å få betre plass, utan at vi treng å bruke all fritida vår på arbeidet som ein tradisjonell einebustad fører med seg. Heilt perfekt for oss! 

Å kose seg med å lage god mat er noko dei to set pris på. Derfor er det ikkje så rart at nettopp kjøkkenet og spisestova er favorittromma deira.

På kjøkkenet og i spisestova brukte vi myke tid for å finne gode løysingar, og det har gitt resultat.”)

Førde - ein perfekt kombinasjon av byliv og landleg sjarm

   Nærleiken til naturen er viktig for Jeanette. Du kan følgje med henne på tur på bloggen hennar jeanettehaga.com. Her er ho på Førdsnipa.

Nærleiken til naturen er viktig for Jeanette. Du kan følgje med henne på tur på bloggen hennar jeanettehaga.com. Her er ho på Førdsnipa.

26-åringen Jeanette flytta frå Bergen til Førde, men visste kva ho reiste til og er godt nøgd med valet.

-       Eg trivst veldig godt. Eg har jo vore her mykje på besøk dei siste par åra, og sånn sett vore klar over kva eg gjekk til. For meg er Førde ein perfekt kombinasjon av byliv og landleg sjarm.  

 

På fritida oppdaterer ho også bloggen sin, der du kan følgje Jeanette og lese om kvardagen hennar og livet på Falkenstein.   www.jeanettehaga.com

Den spreke siviløkonomen avsluttar med ei oppfordring til andre som kunne tenke seg å flytte til Falkenstein: “Just do it”.

 

LYST Å FLYTTE TIL FALKENSTEIN? BERRE 3 BUSTADER IGJEN I FALKENSTEIN B8. SJÅ DET SPENNENDE PROSJEKTET HER