Parken i Førde – Enklare liv får du ikkje

Drøymer du om å bu sentralt og praktisk, men likevel skjerma for trafikk og støy? Då skal du sjå nærmare på bustadane i Parken: Koseleg, trygt, bilfritt og gåavstand til alt i Førde. Enklare liv får du ikkje.

–Mange er opptatt av å bu sentralt, men ønskjer likevel å bu litt landeleg. Tomta til Parken har begge deler, seier Bente Andenæs, seljar for prosjektet. 

Saman med dagleg leiar i Gravdalgruppa, Bodil Kidøy Lunde, har dei tatt turen til tomta, som ligg like ved Hafstadparken. Sola skin i Førde denne dagen, og til hausten vil det vere full byggeaktivitet her, då grunnarbeidet startar.

–Nokre meiner det bles litt her, men når husa  kjem opp blir det lunt og varmt på dei fleste uteplassane og i tunet mellom husa. Og det er mykje sol her, om nokon lurer på det, smiler Kidøy Lunde. 

Praktisk og barnevennleg
Gravdalgruppa har satsa på eit bilfritt tun, omkransa av dei 33 bustadane i Kastanjetunet, for å gjere det sosialt og barnevennleg.

– Her skal borna leike trygt, medan du ser dei frå kjøkkenvindauget, eller pratar med naboen over ein kopp kaffi på ein benk. Det skal vere lett å vere sosial, samtidig som du kan trekke deg tilbake på din eigen skjerma uteplass, på bakken eller balkongen. Arkitekten har hatt visjonar om både sosiale og private soner, forklarar Andenæs.

– Og det er ein av prosjektets viktigaste kvalitetar: At det er praktisk å bu her!
 
Med det siktar ho også til at ein bur midt i Førde, med gåavstand til alt, samtidig som det er eit trygt, godt og landleg oppvekstområde med mange leikekompisar i nærleiken. 

– For barnefamiliar er dette midt i blinken. Du frigjer mykje tid når du bur her. Når Førdepakken er på plass, med bru over til Førdehuset og gang- og sykkelveg til Sjukehuset, så bur du midt i smørauget og utan bompengar. Ungane kan gå eller sykle til fritidsaktivitetar, og du slepp mykje køyring. Butikken ligg berre eit steinkast unna, og eg kjem faktisk ikkje på eit einaste servicetilbod i Førde det ikkje er gåavstand til.
 
– Og for dei spreke er det berre til å springe opp Hafstadkleiva eller Viefjellet. Dei ligg rett utanfor stovevindauget, saman med alle treningstilboda i Hafstadparken, supplerer Kidøy Lunde.
 
Moderne med fokus på interiør
Prosjektet har også hatt fokus på at det skal vere stilige og moderne bustader
– Ser ein nærare på prospektet, ser ein at dette er skikkeleg flotte bustader med eksklusive detaljar. Hadde folk sett dei ferdige, er eg sikker på at det hadde det vore kamp om å få bu her, ler Andenæs, som meiner dette er av dei finaste bustadane på marknaden i Førde.

– Vi tilbyr bustader med blant anna karnapp, takvindauge, fransk balkong og kvistvindauge. Og er du tidleg inne i prosessen, kan du i stor grad forme din eigen bustad. Omrisset er fast, men vi er svært fleksible når det kjem til romløysingar og utforming innvendig. Vi anbefaler interesserte å vere tidleg ute for å sette sitt personlege preg på løysingane. 

Gravdalgruppa er tidleg ute med ein trend dei ser i bustadkompleks i storbyane.

– Alle bebuarane har tilgang på ei felles gjesteleilegheit. På den måten slepp du å kjøpe større bustad enn du treng, og kan nytte gjesteleilegheita når du har besøk.  

– Vi har kanontru på at det blir kjekt å bu i dette tunet. Ikkje berre for barnefamiliar, men også for eldre og førstegongsetablerarar. I og med at dette er eit nytt tun, flyttar alle inn med same utgangspunkt. Her blir det nok danna mange nye vennskap og godt samhald – både for små og store, avsluttar Kidøy Lunde.