Piletunet, Parken - Førde

– Nyt livet – i gangavstand frå Førde sentrum-
 

Det er med glede vi opnar salet av Piletunet – andre tunet i Parken Bustadtun. No legg vi ut 28 bustadar for sal, fordelt på rekkehus og leilegheiter, frå 41 m2 til 103 m2.   

Eksterior_Piletunet_v2c.jpg
AntalSelde.jpg
Logo.jpg

Eksterior_Piletunet_v4_R.jpg

Bustadar for ungdom, familiar og seniorar – og alle andre
I Piletunet held vi fram filosofien frå Kastanjetunet: Her skal alle kunne finne seg ein god bustad, i ulike prisklassar og storleikar. Prisane startar under 2 millionar kroner.

Sjå kva to ulike generasjonar i Kastajentunet syns om bustaden sin
”Vi tenkte lenge på å flytte til noko meir lettvint, vi kunne godt ha gjort dette lenge før. Det kan eg seie deg: Eg skal rå alle godt vaksne om å flytte i god tid, ler Alf.” 
Alf og Aud Romarheim.

”Vi tenkte det var betre å komme oss inn på bustadmarknaden og bygge eigenkapital, enn å leige i fem år. Pengane ein brukar på å leige, ser ein aldri att!” 
Marte Sva og Andreas Vallestad. 

Les meir om Romarheim og  Sva / Vallestad  her-

Terasse.jpg

Sentrumsnært, men tilbaketrekt frå trafikkstøy
Om du har lyst å bu i gangavstand til alt Førde har å by på, men tilbaketrekt frå trafikkstøy: Då er Piletunet ideelt for deg! Her bur du landlege, men nær nok byen til å nå det meste til fots. Ferdig utbygd består Parken Bustadtun av fire klyngetun. Ein liten landsby i byen, og ein god stad å bu – og leve.

Sosiale og bilfrie tun
Piletunet ligg i Hafstad bydel, og blir bygd som eit klyngetun: 6 bygg, rundt eit bilfritt, indre tun. Dette blir innreia med benkar, bord og område for leik, og blir ein sosial møteplass, og ein trygg,  gode leikeplass for ungar. Kvar bustad har også ein privat uteplass. Bil og sykkel set du i parkeringskjellaren under Piletunet, der ein også finn sportsboda.

Det gode liv på landet, i byen
I Piletunet skal det vere godt å bu. Du slepp å nytte fritida på vedlikehald, eller bruke bilen kvar gang du skal noko. Når sola skin, er det to minutt å gå ned til Jølstra, og det fantastiske området Hafstadparken. Der kan ung som gamal utfalde seg. Sola kan du nyte på eigen terrasse. Kombinasjonen av sosiale møteplasser, og eigne uteområde gjer at du alltid kan velje om du vil delta, eller slappe av i stillheit.

 

Med bustad i Piletunet får du blant anna: 
* Bilfritt indre tun, med leikeplass, benkar og bord
* Landleg plassering, med ro og fred
* Parkeringskjellar med parkering for bil, sykkel, samt sportsbod
* Vassboren golvvarme frå Førdefjorden
* Nærmaste nabo er Rema 1000, Hafstad Idrettspark, bensinstasjon og Nærleiken Barnehage
* Gangavstand til ”alt”
* Eit nabolag med fin miks bebuarar i ulike generasjonar

Soverom:  1-3
Bruksareal: Frå 40,7m2 – 102,7 m2 + sportsbod 5,7 m2-9,3 m2
Finn-kode: 112421922  
For meir informasjon, ta kontakt med Bente Andenæs
90 82 14 17/ ba@gravdal.no

Hustypar og planløysingar finn du her.                   Meld di interesse og last ned salsprospekt her:

Vinkel5_Piletunet_D11_3_Etasje_Terrasse-a.jpg