Slik gjer du balkongen klar for sommaren

  Drøymer du om late dagar på balkongen framover?  Då er det kjekt at uterommet er klart for avslapping og hyggelege stunder med familie og vener. Her er 7 enkle tips som kan hjelpe deg i gong. 

Drøymer du om late dagar på balkongen framover?  Då er det kjekt at uterommet er klart for avslapping og hyggelege stunder med familie og vener. Her er 7 enkle tips som kan hjelpe deg i gong. 

1. Rydd vekk
Den kjedelegaste delen av jobben er det like greitt å bli ferdig med først som sist. Rydd vekk ting som berre står og tar opp plass. Når alt unødvenig rot er vekke frå balkongen, er det enklare å få vaska over uteplassen din. Då er du klar for det som verkeleg er kjekt - å innreie din eigne private oase!

A photo posted by Aurea Kodit Oy (@aurealkv) on

2. Late dagar i hengekøya

Kva er vel betre enn å slappe av med ei god bok i hengekøya? Det finst fleire modellar som enkelt kan spennast ut når du skulle ønskje det, og lett pakkast vekk når den ikkje er i bruk. Om ei hengekøye vert for voldsomt, finst det også mange behagelege hengestolar med eige stativ, så du er sikra ein real pause på balkongen.

A photo posted by Anna (@acrasey) on

3. Pynt med puter

Fargerike puter kan gjere uterommet ditt ekstra innbydande. Her er det berre fantasien som set grenser. Vel du ein farge som matchar planter, potter eller lys du har på balkongen frå før, gjev dette ei ekstra heilheitskjensle. Mjuke puter kan også gjere den harde, gamle trebenken din om til ein deilig utesofa. For det einaste som er betre enn ein middagslur på sofaen, er ein middagslur i skuggen på terrassen.

4. Rett grill for deg
Det finst ei rekkje grillvariantar å velje mellom. Har du plassen til det, så kan ein diger gassgrill med fleire brennarar gjere deg til grillkongen i nabolaget. Men hugs at det ikkje alltid er storleiken som tel. Ein hendig liten bordgrill kan gje deg samme grillopplevinga, utan å ta opp heile uterommet ditt. Bordgrillane kan du få både som gassgrill eller med kol. Då får du kanskje også plass til eit lite langbord der heile familien kan samlast til ein skikkeleg grillkveld?

5. Lys opp kvelden

Sjølv på lyse sommarkveldar kan litt ekstra belysning skape akkurat den rette stemninga. Levande lys kan gje deg den romantiske syden-stemninga på din eigen balkong. Telys kan være like fine på bordet, som hengande i ei lykt frå taket eller på golvet. Det finst også flotte batteridrivne kubbelys og telys, som automatisk slår seg på når mørket kjem snikande. Eller kva med ei lyslenke? Her kan du velje fargesprakande variantar som gjer balkongen din om til ein liten karibisk strandbar, eller duse lys som gjev ditt private pusterom den rolege stemninga du treng.

A photo posted by Homebook.pl (@homebook.pl) on

6. Tenk grønt!

Blomster vil gjere heile forskjellen på balkongen din. Og skulle du ikkje ha grøne fingrar, så finst det fleire planter som ikkje treng så mykje oppfølging. Kva med nokre enkle kaktusplanter? Eller forskjellige typar urter? Det er få ting som er så fint som å kunne gå ut på balkongen og klyppe seg litt grasløk til eggerøra. Eller berre rive av litt timian før du serverer ein perfekt grilla entrecote.

A photo posted by Déco Cool (@deco_cool) on

7. Ikkje overdriv

Ein kan lett bli riven med når ein innreier balkongen, så hugs å ikkje fylle på med for mykje møblar, planter og lys. Det er viktig å ha god plass til å bevege seg rundt på. Fyller du balkongen for mykje, så forsvinn også romkjensla. Då vert det vanskelegare å gjere reint, og det kan til og med kjennast litt stressande å opphalde seg der. Og balkongen skal jo være ein avslappande plass å vere.

Då står det berre att å krysse fingrane for ein solrik sommar! Og skulle du ønskje deg ein heilt ny balkong, så sjekk ut våre spennande prosjekt her. 
Kva med tre terrassar og hage? Då er Falkenstein B8 noko for deg.

God sommar!