Tek tida tilbake

Mindre tid i bil og ei enklare fritid er nokre av godane trebarnsfamilien i Førde opplever ved å bu i sentrum. På Falkenstein er det både sentralt og landleg, og familien stortrivst! 

Jobb kombinert med familieliv byr på utfordringar i seg sjølv for barnefamiliar, og når fritida i tillegg er fylt med aktivitetar, opplever mange ein stressa kvardag. For familien Hvidsten har løysinga vore å bu sentralt i Førde, med kort avstand til det meste. Ei travel fritid kjem dei ikkje unna, men ved å kutte ekstra køyretid, meiner dei at dei har klart å ta tida tilbake.

– Før vi flytta til Førde budde vi i Bergen. Også der budde vi sentralt, men vi var uheldige og fekk barnehage langt unna, og brukte difor to timar av dagen på levering og henting.

Slik ville ikkje familien på fem, som består av Agathe (7), Andreas (9), Nikolai (11), Linda og Jan Nikolai, samt ein liten hundekvalp,  ha det. Dei hadde difor gjort seg opp nokon tankar då dei budde i Bergen.

– Vi ville ikkje bruke mykje tid i bil. Difor ville vi bu sentralt og nær ulike aktivitetstilbod.

Og det gjer dei i dag. Sidan 2007 har dei budd i tremannsbustad på Falkenstein med gåavstand til både skule, servicetilbod og aktivitetar.

– Det var litt tilfeldig at vi enda på Falkenstein, men her trivst vi og har kort avstand til barneskulen, ungdomsskulen, Førdehuset, butikkar, kulturskulen og Hafstadparken. Etter kvart som ungane vert eldre kan dei gå og sykle til det meste sjølv.

 


_MG_2293-redusert.jpg
_MG_2279-redusert.jpg

Sentralt, landleg og enklare.
Dei opplever fleire fordelar med å bu sentralt i Førde.

– Her er det ikkje berre korte avstandar, det er også landleg og fint. Vi opplever at det er eit stille og roleg strøk, og at det er trygt for oss med born. Det er lett å verte kjend med naboane. Vi har eit godt og sosialt forhold, og når ungane er ute for å leike tek vi gjerne med oss kaffikoppen og er sosiale vi vaksne òg. I tillegg er det berre å gå ut døra og opp i fjellet om vi vil! 

Familien vil ikkje skryte på seg mykje fritid, men ei litt enklare fritid. 

– Med tre ungar har vi vel ikkje så mykje fritid. Men vi har anledning til at ungane kan vere aktive og vere med på det meste av aktivitetar. Fritida brukar vi til å delta i ungane sine aktivitetar og ulike trenarverv. Det er idretten, naturen og matvarebutikken vi set mest pris på å ha i nærleiken. Andre ønskjer stor hage, men vi ynskjer ikkje å bruke tid på det, så for oss er dette riktig.
 
– Kva tykkjer ungane om å bu sentralt?
– Ungane likar det særs godt, men samtidig veit dei ikkje om noko anna. Men dei ser jo vener som er avhengig av at foreldra køyrer dei heile tida, og det slepp dei. 

På spørsmål om på kva måte det frigjer tid å bu sentralt, er det klar tale frå familien.
– Vi brukar mindre tid i bil! 

– Kan de anbefale andre barnefamiliar å bu sentralt?
– Absolutt.