Trendrapport

Fargar: Ut av gråsona

I lang tid har sunnfjordingane måla veggane sine i grått, beige og kvitt. Det gjer dei framleis, men fleire har fått auga opp for andre palettar, og i følgje Førde Fargehandel er fargane på veg tilbake.

– Vi merkar godt at kundane er meir opne for fargar. Dei ønskjer noko anna enn kvitt og grått, som har vore trenden i snart femten år, seier interiørkonsulentane Caroline Tonning og Wenche Åsnes ved Førde Fargehandel.  
 

Ikkje klare for rosa
Førde Fargehandel er del av Fargerike, og kjeda har i samarbeid med eit trendbyrå lansert ROSA som årets farge.

– Rosa kan vere fint det,  men eg trur ikkje sunnfjordingane er klare for den trenden heilt enno, ler Caroline og Wenche, og kan informere om at sjølv om fargen er spådd suksess, er det få kundar som handlar rosa måling til stova i deira butikk.

– Vi diltar litt etter når det kjem til trendar, og kanskje blir rosa ein hit hos oss også ein dag? smiler Caroline. 
 

Blått er hot
Blått derimot, er ein farge som er veksande i popularitet og som gjer det godt i fjordfylket for tida. 

– Eg trur blått, i ulike fargetonar, blir den store fargen i 2016. Mange har fått auga opp for den mørke, djupe blåfargen. Den gjer seg svært godt på ein kontrastvegg og er lekker saman med til dømes konjakkfarga detaljar, fortel Wenche.  – Eg trurgenerelt at mørkare tonar vil slå an framover –mørkare og mjukare. Heimen blir litt lunare om du målar ein vegg i ein kontrastfarge. Grønt er også ein farge mange snusar på, legg ho til.  

Men vi er ikkje klare for å utslette gråtonane. 

– Nei, grått er framleis med oss, og det vil det nok vere ei stund. Det finst mange, fine gråtonar i fargekarta, og det er ein praktisk farge i forhold til innreiing. 

På jakt etter ny bustad? Vi har fleire byggeprosjekt på gang og sender deg gjerne informasjon om dei. Meld di interesse her.

Kjøkken: Husets viktigaste rom   

2016 er året folk tek personlege val når dei skal velje kjøkken, meiner Gravdalgruppa si kjøkkenavdeling.

– ”Alle” skal ikkje ha kvitt kjøkken lenger. Folk tør meir, brukar fargar og ser mindre på trendar. Dei ønskjer å ta personlege val, seier Heidi Ann Endestad og Margrethe Viken Kalstad, som jobbar på kjøkkenavdelinga.

Dei ser spesielt to ytterpunkt når kundane vel kjøkken.

– Du har dei som ønskjer eit stilreint, moderne kjøkken med reine linjer, og så har du motsett; dei som ønskjer eit meir klassisk, romantisk, kjøkken med mange detaljar som pyntelister, småskuffer, grue, profilar m.m., seier Heidi Ann.

Sjølv om kundane tek personlege val, merkar dei seg nokre klåre linjer.

 

– Kjøkkenøya er viktig. Folk ønskjer seg ein god arbeidsplass. Beisa heiltre er populært på frontane. Gjerne i grått, brunt eller gråbrunt. På benkeplatene vel mange stein eller marmorimitasjon, eller laminat med eik, grått eller beige. Koppar ser vi også mykje av. Og mange vil ha tapet over benkeplata. Heller det enn fliser. Grepsfritt er framleis med oss, seier Margrethe.  

Uansett stil, merkar dei at kundane opplever kjøkkenet som husets viktigaste rom.

– Dei brukar masse tid der og ønskjer seg eit stort og fint kjøkken. Om det er i leilegheit med avgrensa plass, prioriterer dei gjerne kjøkkenarealet, forklarar Heidi Ann.
 

Elektrisk: Styrer lyset frå mobilen

– Eg trur ikkje folk flest vil sitte i sofaen og dimme lysa frå mobilen med det første, seier Kristian Brask Steinseth, serviceleiar i Bravida i Førde. – Men det kjem. 

Steinseth merkar at kundane er blitt meir bevisste på kva elektroniske løysingar dei ønskjer i husa sine. 

– Folk er generelt meir opptekne av teknologi, og betalingsevna er større. Dei set seg inn i moglegheitene, veit kva dei vil ha og stiller krav. At forbrukaren er så opplyst og interessert, synest vi som jobbar med elektronikk er veldig kjekt.

– I tillegg er kundane i dag blitt meir opptekne av energiforbruk og miljø.
 

Smart blir stort
Bravida merkar større interesse for smarthus i 2016.

­– Interessa aukar. Samtidig som folk får betre råd, har prisane på systema gått ned. Det gjer smarthus tilgjengeleg for fleire. Ein ting er å spare straum, men å kunne styre varme, lys og anna synest folk er veldig spennande. Dei ser verdien av å ha eit funksjonelt hus.

På spørsmål om kva han trur vil vere i ”alle” nye hus i 2016, har han nokre idear. 

– Led-lys er ein klar trend, og mange vil ha designbelysning. Sensorar både inne og ute er populært, og folk vil at lyset skal gå på av seg sjølv når dei entrar vaskerommet eller boda, og det same gjeld for utelysa. 

Den futuristiske ideen om at vi styrar alt frå mobilen og knapt løfter ein finger, er han ikkje heilt med på.

­– Interessa er der, men det skjer ikkje i 2016, smiler Steinseth.

Sjå alle våre bustadprosjekt her