Vi vann - skal bygge beredskapshus i Dale

SENTRAL TOMT: Omlag slik blir beredskapshuset i Dale. Fargane er ikkje endeleg avklara med Fjaler kommune. Illustrasjon: ARKI

SENTRAL TOMT: Omlag slik blir beredskapshuset i Dale. Fargane er ikkje endeleg avklara med Fjaler kommune. Illustrasjon: ARKI

Gravdal Bygg vann konkurransen om å få bygge det nye beredskapshuset i Fjaler. Arbeidet startar like over ferien.

- Vi var med i ein anbodskonkurranse om eit tilsvarande bygg i Gloppen, då vart vi nummer to. Vi har jobba vidare med konseptet, så det er kjekt at vi no sikra oss oppdraget, seier Sverre M. Stensæth, dagleg leiar i Gravdal Bygg.

IMG_0955 (4).jpg

Kjekt å vinne!

Dagleg leiar Sverre M. Stensæth er godt fornøgd med at Gravdal Bygg vann anbodskonkurransen i Fjaler.

Det var fem aktørar som konkurrerte om jobben. I grunngjevinga frå Fjaler kommune står det at Gravdal Bygg var best på både pris og kvalitet.

- Det viser at vi har treft med ei løysing som er etter byggherres ønske, ser Stensæth.

Beredskapshus_Dale_perspektiv.jpg

Gode kvalitetar

Fjaler kommune konkluderte med at Gravdal Bygg var best på pris og kvalitet.

Kontrakten er på ca 36 millionar eks moms. Bygget blir på ca 1300 m2 og skal romme brannstasjon, ambulansefunksjon og evt. eit lager for sivilforsvaret.

Det er ARKI Arkitektar som har teikna bygget som får ei sentral plassering like ved kyrkja i Dale sentrum.

Beredskapshuset får ein garasjedel og ein del med garderobe/vask-funksjonar på plan 1, og får møterom, opphaldsrom, soverom og kontor på plan 2.

- Vi går laus på arbeidet like over ferien. Bygget skal stå ferdig i november neste år. Det er første gong vi bygger denne typen bygg. Dette blir ei god erfaring for oss, og bra å ha på referanselista, seier Stensæth.

Liv Grimsbø