Entreprisar

Gravdalgruppa har vore ein betydeleg aktør som entreprenør til både offentleg sektor og private byggherrar. Vi har lang erfaring med bygging av skular, barnehagar og omsorgsbustadar til det offentlege, og forretningsbygg og leilegheitsbygg til private profesjonelle byggherrar.

Vi har tidlegare delteke både i konkurransar der byggherre vel totalentreprisar og ved hovudentreprisar. Ved totalentreprise utviklar tilbydarane løysingar i konkurranse med andre aktørar, slik at byggherren får fleire løysingar med pris å velje mellom. Dette gir stor valfridom for byggherre, samtidig som tida til bygget er ferdig blir redusert med ca ½ år, samt at risikoen for byggherre blir redusert.  Ein tilpassar naturlegvis alltid løysinga i tråd med byggherre sine behov og ynskjer.  Totalentreprise bør soleis vere den føretrekte entreprisemodell blant anna med bakgrunn i prinsippet om at ingen bør ha respekt for ei løysing før ein veit kva den kostar.

I mai 2022 selde Gravdalgruppa entreprenørverksemda si til Åsen og Øvrelid i Førde.