Mallasvika

Naustdal

Mallasvika

Leilegheit med terrasse og carport

Alle selde

I Mallasvika bur ein i strandkanten. Her kan ein nyte fjorden og det mektige Heilefjellet året rundt.

i04.jpg

Standard

Her er moderne utforming med god standard. Skjerma terrasse med bod, vassboren varme, carport, felles bakgard og felles, opparbeidd grillplass i fjæra. Kjøkkenet har integrerte kvitevarer. Stor og praktisk skyvegarderobe i gangen med god oppbevaringsplass.

i10.jpg

Fellesområde

Fellesområde med benkar og bord - flott beplanta - og med flaggstang.
Her er også sett av plass til gjesteparkering.

i13.jpg

Lokalitet

Mallasvika ligg 10-15 minutt i bil frå Førde, og du brukar få minutt på den nye gangvegen til Naustdal sentrum. Rett ved ligg det populære fritidsområdet Sanden med båthamn, strand, brygge, kunstverk og turstiar som er vakkert opplyste på kveldstid. I sentrum finn du også skule, barnehage, kommuneadministrasjon, butikkar og ein stor Coop Extra – med park på taket! Frå Mallasvika har du enkel og fri tilgang til merka turstiar i nærområdet, fjordaktivitetar og alt anna Naustdal byr på.