Flott tomt i Sildevika - SELD

Solund

Flott tomt i Sildevika - SELD

Har du lyst å bygge hus i attraktivt bustadfelt ved Hardbakke i Solund? Då bør du sjekke ut den den flotte tomta vi har for sal i Sildevika.

IDYLL: Bustadfeltet i Sildevika ligg vakkert til, solrikt og med gangavstand skule, barnehage, butikk og andre servicetilbod i kommunesenteret Hardbakke.

På denne tomta kan ein få ein flott og luftig plassert bustad, her er solrikt og flott utsikt. Og om du planlegg terrassen mot sørvest, får du skjerma uteplass i ly for ver og vind.


Sildevika er eit populært bustadfelt med kort gangavstand til kommunesenteret Hardbakke.

Her bur du tett på sjøen og har fine friområde like ved. Er du glad i fjellturar er det kort veg til Ravnenipa. Frå Hardbakke er det merka med vardar heilt til toppen - og der ventar ei fantastisk utsikt over heile området.

SITUASJONSPLAN: Tomt 3 i Sildevika er romsleg, på heile 968 m2 og ferdig opparbeidd.

PRISEN: Tomta på 966 m2 er til sals for kr. 750.000, pluss omkostningar (dokumentavgift 2,5% av kjøpesum, kr 18.750 og tinglysingsgebyr kr 525).

ALT KLART: Det er asfaltert veg fram til avkøyrsla til tomta.

KONTAKT OSS:

Høyrest dette interessant ut?
Ta kontakt med Bodil K. Lunde for nærare info, tlf 908 50343, bkl@gravdal.no