Gravdalgruppa

View Original

Det gode liv i Lindhagen

PERFEKT PLASSERING: I Lindhagen bur ein midt i Førde sentrum - tett på elva og parken.

No er alle bebuarane på plass i Lindhagen i Førde. Her bur dei på elvekanten og samstundes midt i sentrum.

FINE KVALITETAR: Bebuarane i Lindhagen får felles terrasse og uteområde ned mot elva.

Alle leilegheitenei Lindhagen er selde, og bebuarane har hatt sommaren på seg til å finne seg til rette i leilegheitene. Det er parkeringskjellar under bygget, men her har ein gåavstand til alt i Førde sentrum og treng nesten ikkje bil i kvardagen.

STORE UTEPLASSAR: Frå terrassane som vender mot elva er det flott utsikt over sentrum.

FLOTT: Ordførar Jenny Følling fekk ein sniktitt inn i Lindhagen før bebuarane flytta inn og ho vart imponert over det ho fekk sjå.