Det gode liv i Lindhagen

PERFEKT PLASSERING: I Lindhagen bur ein midt i Førde sentrum - tett på elva og parken.

No er alle bebuarane på plass i Lindhagen i Førde. Her bur dei på elvekanten og samstundes midt i sentrum.

Midt i sentrum - tett på parken

I Lindhagen er det leilegheiter i mange størrelsar og bebuarar i alle aldrar - den yngste kjøparen er i 20-åra den eldste over 80 år.

Alle leilegheitenei Lindhagen er selde, og bebuarane har hatt sommaren på seg til å finne seg til rette i leilegheitene. Det er parkeringskjellar under bygget, men her har ein gåavstand til alt i Førde sentrum og treng nesten ikkje bil i kvardagen.

Felleskvalitetar

I Lindhagen får bebuarane flotte felleskvalitetar, som denne takterrassen midt i bygget. I tillegg blir det stor fellesstove og hobby/trimrom. Det er også to gjesteleilegheiter i bygget.

STORE UTEPLASSAR: Frå terrassane som vender mot elva er det flott utsikt over sentrum.

Kule detaljar

I Lindhagen er det god takhøgde, og i toppetasjen er det fleire som får inn masse ekstra lys gjennom takvindauge.

Velkommen inn

Lindhagen har inngangsparti direkte frå Angedalsvegen. I vestibylen er det fleire møtepunkt for ein uformell prat mellom bebuarane.

Fin utsikt

Bebuarane har ein stor felles terrasse ved fellesstova med utsikt til elva og parken.

FLOTT: Ordførar Jenny Følling fekk ein sniktitt inn i Lindhagen før bebuarane flytta inn og ho vart imponert over det ho fekk sjå.

Travle tider

Geir Egil Nygjerde har hatt ansvaret for at smått og stort var på plass før bebuarane flytta inn i Lindhagen.

Liv Grimsbø