Lindhagen er topp 10 i Norge!

Bebuarane i Lindhagen i Førde er mellom dei mest fornøgde bustadkjøparane i landet, viser ei undersøking utført av Prognosesenteret.
- Kanonkjekt, seier Bodil Kidøy Lunde i Gravdal Bustadprosjekt.

FORNØGDE: Lindhagen ligg fint til ved elva i Førde. Bebuarane i Lindhagen er godt fornøgde med bustadane sine.

- Vi visste at vi hadde ei flott prosjekt, og leilegheitene i Lindhagen gjekk unna. Det er utruleg kjekt at bebuarane gir uttrykk for at dei er godt fornøgde både med kjøpsprosessen, våre tilsette og ikkje minst bustaden dei har kjøpt. Topp 10 i Norge?! Det er fantastisk bra, seier Kidøy Lunde som er dagleg leiar i Gravdal Bustadprosjekt.

Prognosesenteret gjennomfører kvart år ei kundetilfredsheitsundersøking i bustadmarknaden, og det er altså i målinga for 2023 tilbakemeldingane frå kundane har vore så gode at Lindhagen er inne mellom dei ti prosjekta med best totalscore i landet.

Målinga fangar opp heile kundeopplevinga frå kjøp av bustad fram til ein har overteke og budd i bustaden ei tid.

- Dette er ein lagsiger for alle som har vore involverte i arbeidet med Lindhagen. Frå utviklingsfasen, gjennom byggeprosessen og til god kundekontakt i ulike ledd. Eg er takknemleg og stolt av gjengen som har gjort ein så god jobb, seier Kidøy Lunde.

GODE KVALITETAR: I Lindhagen er det sosiale møteplassar og felles terrasse både på taket og utanfor fellesstova på bakkeplan.

Sjette best

JM Bolig og Trysilhus vann årets kåring med ein totalscore på 88 poeng på sine prosjekt. Gravdalgruppa og Lindhagen fekk sjette beste poengsum i undersøkinga , med 83 poeng.

- Vi jobbar knallhardt for at kundane skal bli fornøgde, og det er kjekt å sjå at målretta innsats gir så gode resultat, seier Kidøy Lunde. Det er første gongen eit bustadprosjekt hos Gravdalgruppa har hevda seg i denne nasjonale målinga.

Bebuarane i dei 36 leilegheitene flytta inn i Lindhagen i juni/juli 2023. Bustadprosjektet ligg sentralt i Førde sentrum. Her er det gåavstand til “alt”, samstundes som ein er tett på elva og byparken.

Sosiale lag

Kidøy Lunde fortel at det heile tida var fokus på å skape eit sosialt bustadprosjekt med gode møteplassar for bebuarane. I Lindhagen er det foaje med sittegruppe, fellesstove med fullt kjøkken og terrasse mot elva, treningsrom, stor takterrasse og to gjesteleilegheiter.

- Vi har fått tilbakemeldingar om at bebuarane i Lindhagen har tatt fellesareala i bruk og samlast i ulike samanhengar, det er utruleg bra og skapar trivsel i kvardagen, seier Lunde.

God stemning!

I mars 2021 starta betongarbeidet på tomta. Det var dagleg leiar Bodil Kidøy Lunde og byggeleiar Geir Egil Nygjerde godt fornøyde med.

Bygget tok form

I januar 2022 var bygget i Angedalsvegen i ferd med å komme opp.

KRANSELAG: Det har vore mykje folk i arbeid på Lindhagen. Her er nokre av dei samla til kake og kranselag.

Like før innflytting

Lindhagen var fint pynta til 17-mai feiring i 2023, sjølv om alle detaljane enno ikkje var på plass.

Fornøgd ordførar

Ordførar Jenny Følling har utsikt til Lindhagen frå rådhuset. Ho fekk ein sniktitt inn i bygget før bebuarane flytta inn og vart begeistra over fellerareala, flotte terrassar og utsikt over elva. - Vi treng fleire bustadprosjekt som Lindhagen, uttalte ho den gongen.

Det er arkitektane hos Nordplan som har teikna Lindhagen.

Liv Grimsbø