Alt seld i Lønnetunet

Er du på jakt etter ein stad å bu sentralt i Førde? No er den siste av dei 45 leilegheitene i Lønnetunet seld. Men det kjem eitt tun til, Hasseltunet, med leilegheiter i mange størrelsar.

SELD: Den siste ledige leilegheita i Lønnetunet er seld. Har du lyst til å bu i Parken må du vente på det siste klygetunet, Hasseltunet, som er under utvikling. I Parken bur du like ved Hafstadparken, og kan du rusle langs elva til Førde sentrum. Sjukehuset og Førdehuset og er også berre ein liten spasertur unna. Her treng du ikkje bil i kvardagen, klyngetuna i Parken er bilfrie, bilane står i parkeringskjellar under husa.

Klyngetuna i Parken er ein suksess! I løpet av dei neste vekene byrjar dei første bebuarane å flytte inn i Lønnetunet. Her blir det totalt 45 leilegheiter i ulike størrelsar fordelt på seks hus.

Alle leilegheitene er selde!

I Parken har dei fleste leilegheitene parkeringsplass i garasjekjellar inkludert i prisen, og ein har vassboren varme frå Førdefjorden.

Nytt tun: Når husa i Hasseltunet (lengst t.v.) blir bygt, er klyngetuna i Parken komplett.

Medan kjøparane i Lønnetunet no førebur innflytting i dei nye leilegheitene sine, er vi i gang med å planlegge det siste klyngetunet i Parken - Hasseltunet. Her blir det også flotte leilegheiter i mange størrelsar.

Leilegheitene blir truleg lagt ut for sal på nyåret 2024. Vi har rundt 160 namn på interesselista.

I Parken betalar du 20% når kontrakten blir signert og resten ved innflytting.

PRIVAT OG SOSIALT: I eit klyngetun ser du lys og folk rundt deg, men du bestemmer sjølv kor sosial du ønskjer å vere. Alle leilegheitene har romsleg privat terrasse eller balkong.

Eksteriør_Gravdal_Lønnetunet_v1b2.jpg

Ny bydel i byen

I Parken veks det fram trivelege tun og nabolag. Dei første bebuarane flytta inn i Kastanjetunet i november 2017, der er det 38 leilegheiter. Våren 2020 var dei 40 bustadane i Piletunet klare for innflytting. Salet av leilegheiter i det tredje tunet er i full gang. Når Lønnetunet er ferdig utbygt blir det 45 leilegheiter. Siste, og fjerde tun i Parken, skal heite Hasseltunet.

Klyngetuna legg til rette for sosiale nabolag. I det trivelege, bilfrie tunet er det ulike soner for leik og sittegrupper. Her blir det fint å slå av ein prat med naboen, ønskjer ein fred og ro kan ein trekke seg tilbake til den private uteplassen. I Parken vil folk i alle aldrar finne kvalitetar å sette pris på.

Kvalitetar:

  • Lyse og moderne leilegheiter i mange størrelsar.

  • Alle leilegheitene har romsleg privat terrasse eller balkong.

  • Ein del leilegheiter har spennande arkitektoniske detaljar som karnapp og takvindauge, dette gir ekstra lys og særpreg.

  • Triveleg, bilfritt tun med leikeplass og sosiale møteplassar i ulike soner.

  • Norsk kvalitetskjøkken frå Sigdal.

  • Vassboren varme.

  • Bad med innreiing frå Sigdal.

  • Parkeringskjellar tilrettelagt for Elbil-lading.

  • Sportsboder og sykkelparkering i parkeringskjellaren.

  • Kort veg til matbutikk og barnehage.

  • Parken ligg innanfor bomringen.

  • I nokre leilegheiter kan ein få hems som tilval.


Interiør_Gravdal_Lønnetunet_2.Etasje_C21_Stue1.jpg

Nytt og moderne

Store vindauge og karnapp gir lyse og trivelege leilegheiter. I Lønnetønnetunet finn du mange leilegheiter med ulik pris og utforming.

Interiør_Gravdal_Lønnetunet_4.Etasje_C42_Stue.jpg

Lyst og luftig

I toppetasjane kan ein få både skråtak og takvindauge, noko som gir mykje romkjensle og ekstra lys.

I Hafstadparken er det store grøntareal der ein kan nyte ei stille stund og sjå på elva som glir forbi, kose seg i sola eller kanskje ha piknik.

FLOTT OMRÅDE: Tuna i Parken litt fritt og fint like ved Hafstadparken i Førde.

FLOTT OMRÅDE: Tuna i Parken ligg fritt og fint like ved Hafstadparken i Førde. Ferdig utbygt blir det totalt fire tun.

Er du interessert i ei leilegheit i Hasseltunet? Meld deg på interessentlista, så er du mellom dei første som får informasjon og prisar. Det er sjølvsagt heilt uforpliktane å melde interesse.

FIRE TUN: Det stipla området viser plasseringa av husa i Lønnetunet. Det siste tunet, Hasseltunet kjem til venstre for Lønnetunet, i retning sentrum.

KONTAKT OSS:

Har du lyst på ein uformell prat om det siste tunet i Parken, Hasseltunet? Ikkje nøl med å ta kontakt!

Liv Grimsbø
Prosjektseljar
liv.grimsbo@hellvikhus.no
Tlf:
408 75 246

Parken Bustadtun er eit samarbeidsprosjekt mellom Gravdalgruppa og Åsen & Øvrelid