Gravdalgruppa

View Original

Sprek miks av tre og farge

Vil du friske opp kjøkkenet? Sigdals fargekolleksjon Jordnær fungerer ypperleg i kombinasjon med tre. Hos oss kan sette personleg preg på kjøkkenet ditt gjennom å kombinere fargar, tre og stein.

Det er lekkert å kombinere tre og måla kjøkkenfrontar, i tillegg kan ein lage mange spennande løysingar ved å bruke ulike frontar på same kjøkken. Her er trefronten frå Signatur Favn medan dei måla, slette frontane heiter Line.

LUNT OG TRIVELEG: Du kan sette ditt personlege preg på kjøkkenet gjennom val av fargetonar, kombinasjon av materialar og tekstilar. I fargekolleksjonen Jordnær finn du både varme og kalde fargetonar.

Trefrontar kan rammast inn av dei måla - eller så kan ein snu på det og la trefrontar ramme inn måla frontar. Du finn mykje fint i fargekolleksjonen vår Jordnær.

Benkeplata er ein viktig del av kjøkkenet og det er svært mange løysingar å velge mellom. I Sigdal-butikken vår finn du prøver på eit stort utval i ulike fargar og materialar.