Sprek miks av tre og farge

Sprek miks av  tre og farge

Vil du friske opp kjøkkenet? Sigdals fargekolleksjon Jordnær fungerer ypperleg i kombinasjon med tre. Hos oss kan sette personleg preg på kjøkkenet ditt gjennom å kombinere fargar, tre og stein.

Det er lekkert å kombinere tre og måla kjøkkenfrontar, i tillegg kan ein lage mange spennande løysingar ved å bruke ulike frontar på same kjøkken. Her er trefronten frå Signatur Favn medan dei måla, slette frontane heiter Line.

Moodboards

Sigdal har fått laga ulike moodboards som viser korleis ulike typar materialar og fargar kan settast saman for å skape den rette stemninga. Dette heiter Tundra.

LUNT OG TRIVELEG: Du kan sette ditt personlege preg på kjøkkenet gjennom val av fargetonar, kombinasjon av materialar og tekstilar. I fargekolleksjonen Jordnær finn du både varme og kalde fargetonar.

Ein klassisk variant

Kva med å bruke kjøkkenøy i tre medan resten av kjøkkenet har måla frontar?

Farge, tre og stein

Det er mange kombinasjonar å velje i - alt etter kva som passer rommet og din smak. Vi hjelper deg med å finne dei gode løysingane!

Trefrontar kan rammast inn av dei måla - eller så kan ein snu på det og la trefrontar ramme inn måla frontar. Du finn mykje fint i fargekolleksjonen vår Jordnær.

Benkeplata er ein viktig del av kjøkkenet og det er svært mange løysingar å velge mellom. I Sigdal-butikken vår finn du prøver på eit stort utval i ulike fargar og materialar.

Usikker? Vi hjelper deg

Leif-Helge og Margrethe i Sigdal-butikken vår har lang erfaring og hjelper deg gjerne med å finne kjøkkenløysinga du ønskjer deg.

Stikk innom butikken vår på Halbrendsøyra 2 i Førde, eller send oss ein e-post og avtal eit møte: butikk@gravdal.no