Skyvedører til alle rom

Skyvedører til alle rom

Skyvedører kan brukast til mykje meir enn garderobeskap, det er ei praktisk og funksjonell løysing som fungerer i alle rom i bustaden.

Sigdal lever skyvedør- og garderobeløysingar skreddarsydd for deg og heimen din. Glasdører er ein dekorasjon i seg sjølv, som framhevar og viser fram tinga du er glad i.

Smart kjøkkenbod

Med enkle skyvedører kan ein lage ei romsleg og praktisk bod ved kjøkkenet.

Romdelar

Skyvedører må ikkje alltid brukast til å gøyme vekk garderoben, dei kan også brukast som romdelar eller som inngang til ein walk-in-garderobe.

Ein godt organisert garderobe er viktig for romopplevinga og bidrar til ein ryddigare kvardag. Finn den innreiingsløysinga du vil ha i Sigdal sitt sortiment.

Skrått og flott

Skrå veggar og skeive hjørne er inga utfordring. Med skreddarsydde skyvedørsskap får du den løysinga du ønskjer deg, og utnyttar plassen optimalt.

På barnerommet

Ein romsleg skyvedørsgarderobe gjer det lettare å halde orden - her er det plass til både klede og leikar bak skyvedøra.

Ryddig vaskerom

Gøym enkelt vekk vaskemaskin og tørketrommel bak lekre skyvedører. Alt er lett å komme til, og når dørene er lukka er rommet pent og ryddig. Vaskeromsløysinga kan innreiast etter dine behov og ønske.

Orden i sysakene

Permar, notatar og bøker kan fort gjere kontoret rotete. Med ringpermar og kassar i eit skyvedørskap får du raskt system i rotet.

Soverommet må vere funksjonelt, samstundes som det utstrålar ro og velvære. Gøym vekk rotet bak elegante skyvedører tilpassa dine behov.

Vi hjelper deg!

Treng du hjelp med å finne den perfekte Sigdal-garderoben til din heim? Snakk med våre dyktige konsulentar i Sigdal-butikken på Halbrendsøyra i Førde.