Applauderte for byggeplanar

Dei første skissene av korleis hotell-tomta på Vassenden kan nyttast til ny Coop-butikk og bustader, hausta applaus på folkemøte. Hotellet skal brukast til å skape aktivitet i bygda.

Spreke planar: Leilegheiter, rekkehus, nye aktivitetar og flotte uteområde.

- Det er første gongen eg har vore med å få trampeklapp etter å ha presentert utbyggingsplanar. Veldig kjekt, det er tydeleg at folk ønskjer at det skal skje noko i bygda, seier Bodil Kidøy Lunde som er dagleg leiar i Gravdal Prosjektutvikling.

Skissene som vart presenterte viser berre korleis det er mogleg å nytte tomta, utan å rive det gamle hotellet. Korleis det endelege resultatet vil sjå ut, er det for tidleg å seie noko om.

Både og: Slik tenkjer Nordplan at ein kan få plass til både ny butikk og leilegheiter på Vassenden utan å rive hotellet.

Tanken er at det kan byggjast 30 attraktive og varierte bustader i ulike byggetrinn. Leilegheiter på taket av Coop-butikken og leilegheiter, firemannsbustader eller rekkehus i området rundt. Det blir ikkje bustader i det gamle hotellet, det skal nyttast som møteplass og huse aktivitetar for folk i bygda og tilreisande, - til dømes ein kafè.

Flott område

Planane for å utvikle området ved Jølstravatnet og på hotell-tomta vil gi Vassenden eit skikkeleg ansiktsløft!

Presentasjonen samla over 150 menneske i Gjesthalla på Vassenden, og stemninga var svært god. Alle som ønskte informasjon om vegen vidare i prosjektet kunne sette seg på interesseliste.
Ønskjer du og informasjon om kommande bustader på Vassenden? Dette gjeld både på hotell-tomta og familiebustadene som er planlagde i Årsetbakkane.
Då kan du klikke her:

Årsetbakkane: I tillegg til dei spennande planane på hotell-tomta, vart det informert om at det blir jobba med å etablere familiebustader i dette flotte området i Årsetbakkane.

Liv Grimsbø