Synfaring i ZIK og ZAK

STOLT VERTSKAP: Godt handverk og tøft design, dagleg leiar Bodil Kidøy Lunde i Gravdalgruppa viser gjerne fram ZIK-ZAK på Falkenstein i Førde. Arkitektane Egle Adomaviciute og Klaus Bo Christensen frå Bo arkitekter i Bergen, var fornøgde med det dei…

STOLT VERTSKAP: Godt handverk og tøft design, dagleg leiar Bodil Kidøy Lunde i Gravdalgruppa viser gjerne fram ZIK-ZAK på Falkenstein i Førde. Arkitektane Egle Adomaviciute og Klaus Bo Christensen frå Bo arkitekter i Bergen, var fornøgde med det dei fekk sjå.

Dei har brukt mange timar ved teiknebordet. Denne veka fekk arkitektane endeleg sjå ZIK-ZAK i Førde ferdig, og resultatet stod til forventningane: - Det vart akkurat så flott som vi såg føre oss, seier Klaus Bo Christensen.

- Terrasseblokker kan vere utfordrande å teikne, men dette fungerer veldig bra. Førdes flottaste leilegheiter! seier Christensen med eit stort smil.

Forma på bygget står godt til namnet - her er det mange spennande vinklar, krikar og krokar, noko som gjer kvar av dei 25 leilegheitene heilt unike.

IMG_5180 (2).JPG

VINTERLAND: Egle forelska seg heilt i utsikta over Førde.
- Tenk at alle leilegheitene har denne fantastiske utsikta, det er utruleg, seier ho og dokumenterer ivrig med mobilen.

Lyse, flotte leilegheiter og spreke fargeval, det er stor variasjon i ZIK-ZAK.

Arkitekt Klaus frydar seg over korridorane som buktar seg i zik og zak-former. Byggeplassleiar Arnold Savland (lengst til høgre) hadde ikkje takka nei til litt meir rette vinklar i bygget. For det har vore ein ganske utfordrande byggeprosess - men tøft blir det!

No blir det jobba på spreng for at alt skal bli klart til bebuarane flyttar inn i januar og februar.

IMG_5186 (2).JPG

PERFEKT FOR TERRASSEBLOKK: Fjellsida høgt over Førde sentrum er ideell for terrasseblokker - truleg blir det ei liknande løysing på nabotomta til ZIK-ZAK også.

Arkitektane har allereie begynt å sjå på den siste tomta i feltet, nabotomta B9. Dei har gjort seg nokre tankar, og så vidt starta prosessen ved teiknebordet - men det er langt fram til arbeidet på tomta kan starte. Det gjeld å finne løysingar som står til dei andre bygga i feltet.

Stor takhøgde, mykje vindauge og flotte terrassar tar dei med til neste prosjekt.

IMG_5205 (2).JPG

EIN TITT INN I FRAMTIDA: Frå vindauga i ZIK-ZAK ser ein bort på den siste tomta i Falkenstein-feltet. Klaus og Bodil diskuterer moglege løysingar.

FANTASTISK OMRÅDE: ZIK-ZAK har vorte eit signalbygg i Førde, øvst på Falkenstein. - Det er kjekt å sjå kor godt bygget glir inn terrenget, seier Egle. Dei to arkitektane er overtydde om at dei skal få til eit spennande resultat på nabotomta også.

FANTASTISK OMRÅDE: ZIK-ZAK har vorte eit signalbygg i Førde, øvst på Falkenstein. - Det er kjekt å sjå kor godt bygget glir inn terrenget, seier Egle. Dei to arkitektane er overtydde om at dei skal få til eit spennande resultat på nabotomta også.

Liv Grimsbø