Full fres mot mål i ZIK-ZAK

LUFTIG: Det er høgt ned, og gode rekkverk må på plass for å sikre terrassane. Med glasrekkverk er det lite som skygger for utsikta.

LUFTIG: Det er høgt ned, og gode rekkverk må på plass for å sikre terrassane. Med glasrekkverk er det lite som skygger for utsikta.

No blir det måla, montert og tapetsert for harde livet i terrasseblokka ZIK-ZAK øvst på Falkenstein i Førde. Bebuarane gler seg til å flytte inn, dei første har allereie vore på befaring i leilegheitene sine.

IMG_4848 (2).JPG

GRUNDIG GJENNOMGANG: Dei siste detaljane er enno ikkje på plass. Prosjektleiar Asgeir H. Furnes viser og fortel Nils Sletteskog og Anne Fredrikke Myren kva som gjenstår før leilegheita deira er heilt klar.

- 19. januar flyttar vi inn! Huset vårt er selt, no er vi klare, seier Nils Sletteskog.
Han har med tommestokk og måler opp gardinlengder og forsikrar seg om at det er plass til kjøkkenbord ved vindauget med den fantastiske utsikta over Førde sentrum.

- Vi flyttar frå eit stort hus med mykje plass vi ikkje treng lenger. Her får vi det bra, seier Sletteskog.

- Det blir flott å sitte her på terrassen og berre nyte utsikta, seier Anne Fredrikke Myren.
Ho gler seg til å flytte inn, men samstundes er det litt vemodig å reise frå huset.

IMG_4857 (2).JPG

GLER SEG: Alle leilegheitene i ZIK-ZAK har fantastisk utsikt over Førde sentrum. Anne Fredrikke Myren og Nils Sletteskog gler seg til å ta den flotte terrassen sin i bruk.

Ein etasje opp gjer Leif og Gunnvor Kilnes seg klare til å ta over si leilegheit. Dei flyttar frå einebustad og hage og inn i toppetasjen på ZIK-ZAK.

BYTTAR HAGE MOT TERRASSE: Leif og Gunnvor Kilnes har sikra seg ei av hjørneleilegheitene i 5. etasje. Her er dei på befaring i leilegheita, om nokre veker kan dei flytte inn. T.v: seljar Bente Andenæs, lengst til høgre står  prosjektleiar Asgeir Fur…

BYTTAR HAGE MOT TERRASSE: Leif og Gunnvor Kilnes har sikra seg ei av hjørneleilegheitene i 5. etasje. Her er dei på befaring i leilegheita, om nokre veker kan dei flytte inn. T.v: seljar Bente Andenæs, lengst til høgre står prosjektleiar Asgeir Furnes.

Dei har også med seg meterstokken for å forsikre seg om at det blir plass til møblane dei vil ha inn. Den romslege leilegheita er på over 100 m2, men samanlikna med huset dei reiser frå er det ikkje så stort.

- Det verkar alltid mindre før møblane kjem på plass, det er heilt vanleg, forsikrar prosjektleiar Asgeir H. Furnes.

- Dette blir så flott, ZIK-ZAK blir eit signalbygg i Førde, seier seljar Bente Andenæs. Ho opplevde ein veldig interesse då leilegheitene vart lagt ut for sal. Det er lenge sidan den siste av dei 25 leilegheitene vart selt.

IMG_4901 (2).JPG

FRITT OG FINT: Det er ikkje mykje å utsetje på utsikta frå stoveglaset.

IMG_4909 (2).JPG

SPENNANDE: Gunnvor er spent på korleis den nedfelte ventilatoren vil fungere.
Leif er mest opptatt av kvar kaffitraktaren skal stå.

Tømrarar, elektrikarar, målarar og rørleggarar - no er det fullt fokus på å bli ferdige slik at kundane skal få flytte inn i leilegheitene sine.

- På tømrarsida vil vi ha full bemanning gjennom romjula, vi er avhengige av at alle held seg friske framover for å bli ferdige i tide, seier Asgeir Furnes. Det er mange detaljar å passe på, i periodar har det vore rundt 40 mann i sving i ZIK-ZAK.

- Eg er veldig fornøgd med arbeidet som er gjort. Det er lite feil og høg kvalitet på det vi leverer, seier Furnes.

IMG_4843 (2).JPG

TEK FORM: Glasfasaden ved inngangspartiet, og i fellesstova i 2. etg er snart på plass.

Det blir jobba frå toppen og nedover i blokka. Det to øvste etasjane er så godt som ferdige. I 3. etg blir det jobba med listing, i 2. etg blir det lagt golv og montert kjøkken og på første plan er målarane i sving. Samstundes blir det jobba godt i fellesareala.

IMG_4929 (2).JPG

HELD I TRÅDANE: Byggeplassleiar Arnold Savland og prosjektleiar Asgeir Furnes må ha tunga beint i munnen for å få alle detaljane på plass i ZIK-ZAK. Dei skryt begge over innsatsen til handverkarane på bygget.

Falkenstein ligg på solsida i Førde, her er også fantastisk utsikt over Førde-by-night!

No er det berre ei tomt igjen før heile Falkenstein-feltet er bygt ut, tomt B9. Like over nyttår kjem arkitekten på synfaring og skal klekke ut ein plan for det siste bygget.

- Eg har alltid hatt ein draum om å bygge ei terrasseblokk med store vindauge og flotte terrassar. Tomta på Falkenstein var perfekt for det, i ZIK-ZAK er det fantastisk utsikt frå alle leilegheitene. Vi har fått veldig gode tilbakemeldingar på ZIK-ZAK, så det er godt mogleg det blir ei liknande løysing på den siste tomta. Vi ønskjer at området skal framstå som ein heilskap, seier dagleg leiar Bodil Kidøy Lunde.

SISTE SJANSE: Tomt B9 er den siste i Falkenstein-feltet. Kanskje blir det ei terrasseblokk til? Meld gjerne di interesse!

SISTE SJANSE: Tomt B9 er den siste i Falkenstein-feltet. Kanskje blir det ei terrasseblokk til? Meld gjerne di interesse!

Liv Grimsbø