Billegare å kjøpe nytt i sentrum

i01.jpg

Mange trur det er billegare å kjøpe bustad utom dei store sentra, og ser berre på kjøpesummen når dei skal vurdere kor det er rimelegast å bu. Eit enkelt rekneskap syner at det kan vere billegare å kjøpe ny bustad sentralt.

Bodil Kidøy Lunde er dagleg leiar i Gravdalgruppa, og meiner at det ikkje nødvendigvis er billegare å kjøpe brukt bustad utanfor Førde sentrum samanlikna med å kjøpe ny bustad i sentrum.

– Skal eg kjøpe ny bustad i Hafstad bydel med to soverom til 3.190.000 eller ein brukt bustad utanfor Førde sentrum til 1.600.000? Det er naturleg å tenke at det andre alternativet er klart billegast, men om ein ser nærare på det, oppdagar ein fort at det kan lønne seg å kjøpe nytt sentralt.

Betre andrehandsverdi og lågare årlege kostnader.

Ho tenker blant anna på andrehandsverdien.
– Mange av bustadane i Hafstad bydel er Husbankfinansierte med lang avdragsfri periode og låg rente. Det er sikrare andrehandsverdi på bustadane i sentrum enn utanfor. Ein har høve til å komme seg inn i bustadmarknaden med låge bukostnadar i litt mindre hus, og vidare kjøpe seg oppover i storleik etterkvart som familien veks, forklarar Kidøy Lunde.

Når ein kjøper nytt, har ein ikkje vedlikehaldsutgifter, og heller ikkje behov for å pusse opp. Kjøper ein brukt, gløymer ein gjerne dei påfallande utgiftene det medfører. 
– Det er typisk å undervurdere kva vedlikehald og oppussing kostar. I tillegg kjem straumutgifter og oppvarming i gamle hus, som er betydeleg dyrare enn godt isolerte bustader bygde i dag. Bustadane i Hafstad bydel blir kopla til fjernvarmeanlegget, og ein får varme med lågt forbruk.

01.jpg

Sparte transportutgifter og meir tid.
Ein av dei store fordelane med å bu i sentrum, er at ein kan gå eller sykle til jobb, aktivitetar og servicetilbod.
– Nok ein god grunn til at det er billegare å bu i sentrum. Mange klarar seg med ein bil, og til og med utan. Ein bil kostar mykje meir enn ein trur i året, seier Kidøy Lunde.  
I Hafstad bydel har ein både barnehage og matbutikk i nærleiken, og når brua over til Førdehuset kjem, er vegen kort til mange skular og alt av fritidsaktivitetar. 
– Når ein bur så sentralt, sparar ein ikkje berre pengar og drivstoff, ein sparar òg tid. Ein slepp å køyre ungane til aktivitetar, og matbutikken ligg ein liten rusletur unna. Dette er kjærkommen tid ein kan bruke på eigne fritidsaktivitetar, jobbe ekstra, eller berre slappe av. Tid er kanskje det folk set mest pris på i dag! 
Ein annan ting ein slepp unna i Hafstad bydel er bompengar.
– Når ein bur innanfor bompengeringen, kan ein spare så mykje som 7.200 kroner i året pr bil, som er makssummen for passeringar. 

i02.jpg

Tenk langsiktig!

Eit bustadkjøp er den største investeringa ein gjer i livet. Ein bør derfor tenke seg godt om og rekne på ulike alternativ, kalkulere inn forskjellige scenario og tenke langsiktig. 
– Det er sjølvsagt freistande å berre sjå på kjøpesummen, men det kan vere lurt å legge ein langsiktig plan for bustadkjøpet, rådar Kidøy Lunde og legg til:
– I Hafstad Bydel bur du både sentralt og landeleg, har alt du treng i nærleiken, og du får sikrare andrehandsverdi på bustaden. Grunnarbeidet har starta, og desto tidlegare du kjøper bustad, desto større påverknadskraft har du på utforminga av bustaden – utan at dette treng å koste ekstra. 

Kommentar til eksempelet:
Kr 11. 270 i sparte utgifter per månad, utgjer 135.240 etter skatt første året. Skattar du 35% på inntekta di, må du tene 208. 000 kroner ekstra i året for å tene det same beløpet. Det du sparar ved å kjøpe ny bustad sentralt, kan du bruke til å betale ekstra ned på banklånet, og på den måten skaffe eigenkapital til å kjøpe større bustad seinare.

Eller du kan kjøpe deg større bustad med ein gong.
Bustadprosjektet Parken er under oppføring i Hafstad bydel.

Gasta Design