Marte og Andreas fekk drøymeleilegheita

Marte+og+Andreas+2.jpg

Å komme tidleg inn på bustadmarknaden er eit mål for mange. Men dei færraste kjem inn dit før dei er 20 år. Marte Sva og Andreas Vallestad signerte papira på sin første heim 19 år gamle, i august 2016. 

Då studerte Marte ved Universitetet i Bergen og Andreas var i Sjøforsvaret. No har dei budd tre månadar i sin nye heim, og funne seg vel til rette. Andreas har byrja som tømrarlærling, medan Marte studerer sjukepleie i Førde.
– Vi byrja bustadjakta på Finn.no. Vi såg på både brukte og nye bustadar, men vi var bestemt på at det ikkje var noko alternativ å måtte byrje å pusse opp, seier Andreas. 
– Det gikk eit par veker frå vi såg denne leilegheita til vi kjøpte. Vi var livredde for at andre skulle kjøpe den, ler Marte og forklarar kvifor dei valte å gå inn på bustadmarknaden så tidleg. 
– Vi skal vere i Førde dei neste fem åra, og hadde høve til å kjøpe noko. Vi tenkte det var betre å komme oss inn på bustadmarknaden og bygge eigenkapital, enn å leige i fem år. Pengane ein brukar på å leige, ser ein aldri att!

Fekk leilegheita akkurat som dei ville ha den
Dei hadde klare tankar om kva type bustad dei ønskte, og korleis den skulle sjå ut innvendig. 
– Vi ville ikkje ha eit oppussingsprosjekt. Det er veldig kjekt å kunne flytte rett inn i noko som er akkurat slik som vi ville ha det. Sidan vi var tidleg inne i prosjektet, fekk vi også høve til å påverke korleis leilegheita skulle bli, seier Marte. 
– Føresetnaden for å kjøpe her, var at leilegheita skulle bli akkurat slik vi ville ha den. Vi gjorde mange tilval, totalt for nokre hundre tusen kroner, seier han. 
– Parken Bustadtun var veldig samarbeidsvillige i høve endringane. Vi er veldig nøgde, og har fått leilegheita akkurat slik vi ønska. Vi følte vi flytta rett inn i ein heim. 
– Kva var avgjerande for at de valte å flytte til Kastanjetunet i Parken? 
– Mykje handla om plasseringa. Parken ligg veldig sentralt. Og prisen var  ”vennleg” i høve plasseringa. Vi tykte det var gunstig prisa. Altså, 2.8 millionar kroner er saktens nok, ler Andreas, men det er ikkje gale i høve kva vi får: Ei heilt ny leilegheit i toppetasjen på Storestova, så godt som i sentrum av Førde. Denne leilegheita er ei ideell løysing for oss. Vi bur gunstig plassert i høve jobb, studie, trening og fritid. Vi har berre ein bil, og det klarar vi oss fint med. 

Marte+og+Andreas.jpg

Flott første heim
Dei ser for seg å bli buande i leilegheita dei neste fem åra – minst. 
– Det er ei flott ”startleilegheit”. Om ein stiftar familie, treng ein etterkvart større bustad. Men vi har to soverom her, så det hastar ikkje smiler Marte.
– Vi har helst på dei fleste i bygget, og fått god kontakt med dei andre som bur her. Eg kan anbefale andre å flytte til Parken. Det er ein veldig fin stad å bu, og det er hyggelege folk som styrer med prosjektet. 
Leilegheita deira er på 60 m2, og ligg i toppetasjen på huset Storestova i Kastanjetunet.  
– Det beste med leilegheita er at vi har fått den akkurat slik vi ville, smiler Andreas. 
– Eg likar alt med den. Planløysinga er god. Leilegheita er ei fin og open, med fine detaljar, til dømes takvindauge på kjøkkenet. Det gjev fin romkjensle, og gjer at kjøkken og stove verkar større. Det slepp inn meir lys, og gjer det lyst og triveleg, seier ho. 
– I vinter har noko av det beste med å bu her vore at vi har garasje, seier Andreas. 
– Garasjen er oppvarma, så vi slepp å skrape rutene om morgonen. Det er fantastisk. Vi har også bod i garasjen. Og heis rett utanfor inngangsdøra, som går heilt ned i parkeringskjellaren. Det er veldig greitt når ein har storhandla, ler Marte. 

Vil du vite meir om Piletunet, så ta kontakt med prosjektseljar Bente Andenæs. 90 82 14 17 / ba@gravdal.no

Gasta Design