Fargefest på kjøkkenet

GRAVDALGRUPPA SINE KJØKKENEKSPERTAR:  Heidi Ann Endestad, Margrethe V. Kalstad og Leif-Helge Birkeland hjelper deg gjerne med val av kjøkken, baderomsinnreiing og garderobeløysingar.

GRAVDALGRUPPA SINE KJØKKENEKSPERTAR: Heidi Ann Endestad, Margrethe V. Kalstad og Leif-Helge Birkeland hjelper deg gjerne med val av kjøkken, baderomsinnreiing og garderobeløysingar.

IMG_2593.JPG

Rosa, svart, oransje eller grønt. No skal det vere fargerikt på kjøkkenet.

IMG_2622 (2).JPG

- No er det inn å leike med fargar, og det har vi gjort her i den nye kjøkkenbutikken vår òg. Her er det lett å orientere seg i ulike løysingar, modellar og fargekombinasjonar. Vi har mykje spreke fargar å velge i, seier Margrethe V. Kalstad.

Den tipp-topp moderne butikken er på heile 300 kvadratmeter, her er det berre Sigdal-kjøkken som gjeld.
- Vi må kunne seie at dette er Førdes mest moderne kjøkkenbutikk! Den største skilnaden er at vi no kan vise kunden kjøkkenmodellane i butikken, før måtte dei plukke frå katalog, seier Leif-Helge Birkeland.

IMG_2551 (2).JPG

Sigdal har utvikla konseptet TecLab, der ein kan sjå heile katalogen digitalt på ein touch-skjerm.

- Her blar du deg enkelt gjennom katalogen og kan sjå kjøkkenmodellar i ulike fargar, utvalet av vaskar, blandebatteri, kvitevarer osv, fortel Leif-Helge.

På denne måten kan den som ønskjer det enkelt orientere seg i mylderet av modellar og kombinasjonar på eiga hand. Den som vil ha litt rettleiing får kyndig hjelp av dei tre interiørkonsulentane våre Heidi Ann, Margrethe og Leif-Helge. Til saman har dei 50 års erfaring med kjøkkendesign og steinplater!

- Vi har lang og god kompetanse i å designe både små og store kjøkken, her får kundane det akkurat slik dei vil ha det. Det er kjekt å kunne vise heile utvalet av nye og moderne modellar i butikken, i tillegg til smarte oppbevaringsløysingar og integrerte tekniske duppedittar, seier Heidi Ann.

NOKO FOR ALLE: - Vi har kjøkkenløysingar som passar for alle, frå det heilt enkle og rimelege til store eksklusive kjøkken, fortel Heidi Ann Endestad.

NOKO FOR ALLE: - Vi har kjøkkenløysingar som passar for alle, frå det heilt enkle og rimelege til store eksklusive kjøkken, fortel Heidi Ann Endestad.

MIKS OG MATCH:  Frontar og fargar kan du mikse etter eige ønske. Legg merke til den spesielle ventilatoren!

MIKS OG MATCH: Frontar og fargar kan du mikse etter eige ønske. Legg merke til den spesielle ventilatoren!

KVITT OG GRÅTT: Her kan du velge klassiske fargekombinasjonar eller vere meir vågal. Sigdal leverer kjøkken i heile 66 standardfargar. Sjølv vaskane kjem i mange fargar og materiale.

KVITT OG GRÅTT: Her kan du velge klassiske fargekombinasjonar eller vere meir vågal. Sigdal leverer kjøkken i heile 66 standardfargar. Sjølv vaskane kjem i mange fargar og materiale.

SPREKT : Kva med ei knall rosa vaskemaskin? Margrethe og dei andre i butikken har noko for ein kvar smak. Vi har kvitevarer frå Miele, Siemens, AEG og Smeg.

SPREKT: Kva med ei knall rosa vaskemaskin? Margrethe og dei andre i butikken har noko for ein kvar smak. Vi har kvitevarer frå Miele, Siemens, AEG og Smeg.

Asbjørn Osland