Piletunet: - Gler oss til å komme heim kvar dag!

No er Piletunet i Førde fylt med liv: Nesten alle bebuarane er på plass i sine nye heimar. Turid og Roy har funne si draumeleilegheit. - Ein innertiar, vi er fornøgde med alt!

PÅ PLASS: Turid Ness og Roy Raasholm Fauske såg seg fort ut kva leilegheit dei ville ha i Piletunet i Førde og slo til. No kan dei nyte sola på balkongen til langt på kveld.

PÅ PLASS: Turid Ness og Roy Raasholm Fauske såg seg fort ut kva leilegheit dei ville ha i Piletunet i Førde og slo til. No kan dei nyte sola på balkongen til langt på kveld.

- Vi er så fornøgde. Leilegheita vart akkurat slik vi såg føre oss, det er ei uverkeleg kjensle, seier Roy og smiler frå øyre til øyre.
Kona Turid måtte bruke litt tid på å overtale han til å flytte frå Holten til sentrum. No stortrivst dei to i den nye leilegheita.

- Det er landleg og samstundes nær jobb og sentrum. Her er fantastisk utsikt, fine turområde langs elva og så har vi Førdes største leikeplass, Hafstadparken, som næraste nabo. Det er rett og slett ei perle, seier Roy. Han opplever at byggeprosessen har vore god og er veldig fornøgd med servicen frå Gravdal undervegs.

IMG_1633 (2).JPG

- Vi har gjort alle fargeval sjølv og var veldig spente på om det ville fungere.
Det gjorde det, seier Turid.

- Vi har funne draumeleilegheita, utan tvil. Alt er nytt og fint og det er fantastisk med golvvarme, no er det slutt på å fryse på beina, seier Turid.
Ho er spesielt fornøgd med kjøkkenet, der dei valde ein sprek blåfarge, og badet med varme fargar. I stova har dei ein kontrastvegg i grått. Sluttresultatet vart akkurat slik dei hadde håpa på.
- Vi er berre kjempefornøgde, seier Turid.

No er det slutt på plenklypping og snømåking. Dei kan køyre bilen i parkeringskjellaren og ta heisen rett opp til leilegheita.
- Det har vorte ein ny kvardag, alt er så lettvint. Vi gler oss til å komme heim frå jobb kvar dag, det er nesten som å bu på hotell, ler Roy.

IMG_1629.JPG

Roy og Turid likar at Piletunet har fine detaljar, som til dømes karnapp-vindauge, det gir særpreg til den flotte stova.

IMG_1646 (2).JPG

Full klaff: Badet, i varme bruntonar, er eit av favoritt-romma i den nye leilegheita.

Søstrer blir naboar etter 40 år

SØSTER-TRALL: Liv Astrid (t.v.) måtte forvisse seg om at det var plass til pianoet i den nye leilegheita. Ho har spelt mykje til allsong, no blir det mest til husbruk.

SØSTER-TRALL: Liv Astrid (t.v.) måtte forvisse seg om at det var plass til pianoet i den nye leilegheita. Ho har spelt mykje til allsong, no blir det mest til husbruk.

- Det var eigentleg ho som skulle ha seg hus, seier Tordis Øygard (82) og peikar på søstera Liv Astrid (79). - Eg skulle berre vere med henne. Det stod mellom to leilegheiter. Då ho valde seg den eine, sa eg: Greitt, då tar eg den andre!

- Eg hadde tenkt tanken på flytte men hadde ikkje sjekka økonomien eller noko, det er jo galskap veit du, fortel Tordis og ler godt.
Ho har ikkje angra ein dag. Frå den nye leilegheita har ho utsikt til rekkehuset ho flytta frå i Presteholten.

Liv Astrid Øygard Solheim har ikkje budd i Førde på 40 år, no ville ho heim til Sunnfjord og har kvitta seg med huset i Hyen.
- Eg skulle eigentleg flytta til noko meir lettvint tidlegare, men eg har ikkje funne det eg ville ha - før no, seier Liv Astrid. Ho er ikkje så glad i høgder og valde seg ei leilegheit i 2. etasje.

- Korleis blir det å ha søstera si som nabo, blir de meir sosiale?
- Det veit vi ikkje enno. Eg balar med så mykje at det eigentleg er på tide å trappe litt ned, meiner Tordis.
Liv Astrid gler seg til å utforske kulturtilboda i Førdehuset.

IMG_1694 (2).JPG

Liv Astrid har fått godstolane på plass på den overbygde uteplassen. - Eg har to balkongar. Det er nok denne som blir mest brukt, her er morgonsola, fortel ho.

Dei to søstrene har brukt eit år på å førebu flyttinga. På slutten vart det nesten litt lenge
å vente på å få komme i hus. No har begge funne seg godt til rette i sine nye heimar.

IMG_1703 (2).JPG

Kjøkkenbordet ved vindauget har allereie vorte favorittplassen til Tordis. Her kosar ho seg med kaffien og nettbrettet. Frå leilegheita i 4. etasje har ho flott utsikt både mot sentrum og over Hafstadparken og elva.

- Det er godt å få noko mindre og lettstelt og ikkje minst ha alt på eitt plan, meiner søstrene.
Begge har bil i parkeringskjellaren, der har dei heis opp til leilegheitene sine.
- Men planen er å gå trappene opp i fjerde altså, seier Tordis (82).

Vil eige framfor å leige

SENTRALT: Ingvild er berre få minutt frå Førde sentrum og eit steinkast frå jobben i den nye leilegheita si.

SENTRALT: Ingvild er berre få minutt frå Førde sentrum og eit steinkast frå jobben i den nye leilegheita si.

Med kontrakt på leilegheita i Piletunet er Ingvild Indrebø (27) inne på bustadmarknaden for første gong. Det kjennest godt.

- Det er eit sikkerheitsnett i å eige sjølv. Og så er det mykje betre å betale ned på noko som er ditt.
- Eg har budd veldig billig nokre år for å kunne bli i stand til å kjøpe eiga leilegheit. Eg hadde ikkje ein gong steikeomn der eg budde før, så det beste med leilegheita er å ha fått eit skikkeleg kjøkken, seier Ingvild.

Frå den romslege balkongen ser ho rett ned på arbeidsplassen sin, Nærleiken barnehage.
- Eg ville gjerne bu nær både jobb og familie, det gjer eg her.

Ingvild har allereie hatt mange gjester i leilegheita og fått mykje skryt.
- Det er vanskeleg å sjå for seg at du kan få så mykje ut av 40 kvadratmeter, det vart mykje betre enn eg hadde trudd. Gravdal har vore flinke til å finne gode romløysingar. Her kan eg ha det fint i mange år framover!

IMG_1593.JPG

- Kjøkkenet blir ein del av stova, difor var eg fast bestemt på å legge litt ekstra pengar i det. Eg fall for dette eike-kjøkkenet frå Sigdal, og er veldig fornøgd, fortel Ingvild.

- Og takvindauget, det er berre heilt fantastisk!

IMG_1579.JPG

Ingvild vil gjerne ha møblar med ei historie. Salongen har ho arva frå besteforeldra.
I gangen står ei eldgammal symaskin som ho også har arva.

- Eg har vore bevisst på kva eg vil ha i mi eiga leilegheit sidan eg var 15-16 år gammal. Eg vil ikkje ha det slik som alle andre.

LIV OG RØRE: I Piletunet kan naboane møtast og slå av ein prat i tunet, eller trekke seg tilbake på eigne balkongar og uteplassar. Anna og Nora har fått ein fin og bilfri leikeplass ved den nye leilegheita.

LIV OG RØRE: I Piletunet kan naboane møtast og slå av ein prat i tunet, eller trekke seg tilbake på eigne balkongar og uteplassar. Anna og Nora har fått ein fin og bilfri leikeplass ved den nye leilegheita.

Vi har framleis nokre få ledige leilegheiter i Piletunet. Og snart blir neste tun i Parken, Lønnetunet, med 45 leilegheiter i ulike størrelsar lagt ut for sal. Interessert? Kontakt oss for ein hyggeleg husprat!

Parken Bustadtun er eit samarbeidsprosjekt mellom Gravdalgruppa og Åsen & Øvrelid

Liv Grimsbø