Treng du tomt til draumehuset?

Treng du tomt til draumehuset?

Går du med planar om å bygge hus i Førde? Då bør du sjekke ut Gravdalsholten. Her får du fantastisk utsikt over Førde, og har skog og mark like utanfor døra. Samstundes er det berre ein køyretur på 7-8 minutt til sentrum.

FRITT OG FINT: Gravdalsholten ligg rett over Slåttebakkane, og det er gangsti ned til bybuss-stoppet der.

Har du teikningar har vi tomta! I Gravdalsholten er det ferdig opparbeid veg inn i feltet. Her kan du bygge huset du ønskjer deg og få fantastisk utsikt på kjøpet.

Med bil har Gravdalsholten tilkomst frå Reset, vil ein ta bybussen er det fort gjort å springe ned til buss-stoppet i Slåttebakkane. Her er også kort gåavstand til barnehage.

Fint for familien

I Gravdalsholten kan ungane springe rett ut og leike i skog og mark.

Det er ingen gjennomgangstrafikk i feltet, her bur du stille og fredeleg og får fantastisk utsikt over Førde.

FULL OVERSIKT: Om du ikkje har vore i Gravdalsholten, er det vel verdt å ta turen for å sjå den flotte utsikta.

VIL DU VITE MEIR OM GRAVDALSHOLTEN?
Kontakt Liv Grimsbø, Tlf 408 75 246 eller på e-post: liv.grimsbo@hellvikhus.no

Du kan også stikke innom kontoret for ein prat. Vi held til på Halbrendsøyra 2. VELKOMMEN!