Fritt og fint på Førdes solside

Alle selde

 Fritt og fint på Førdes solside

Terrasseblokka ZIK-ZAK ligg øvst på Falkenstein i Førde.
Her får bebuarane stor privat terrasse og ein meir sosial måte å bu på!
Prosjektet vart veldig populært og alle leilegheitene er selde. No gler bebuarane seg til å flytte inn på nyåret i 2021!

PANORAMA: I ZIK-ZAK får du fantastisk utsikt over heile Førde frå alle leilegheitene.

PANORAMA: I ZIK-ZAK får du fantastisk utsikt over heile Førde frå alle leilegheitene.

 
GravdalFalkenstein_B10_v8 (1).jpg

Terrasseblokka ZIK-ZAK på Falkenstein, er synleg frå nesten heile Førde, og særleg no i haust når eit gigantisk hjarte lyser frå byggeplassen!

ZIK-ZAK ligg øvst eit godt etablert bustadområde på Førdes solside. På nokre minutt går du til matbutikk, kjøpesenter, frisør, helsetilbod, trening, Førdehuset og restaurantar i sentrum.

ZIK-ZAK er inspirert av buforma “cohousing”: Kvar bebuar har sin eigen private bustad, i tillegg til gode sosiale fellesområde.

Den romslege foajeen er bygd for å vere ein uformell møteplass. Her kan bebuarane slå seg ned med ein kopp kaffi og prate med naboen. ZIK-ZAK har også ei romsleg fellesstove, med kjøkken, som bebuarane kan leige til private lag. Der kan også naboane møtast til ulike sosial aktivitetar. I ZIK-ZAK blir det òg ei gjesteleilegheit med bad, som som bebuarane kan leige når dei får gjester.

Leilegheitene har gode kvalitetar som vassboren varme og ekstra takhøgde i stove/kjøkken. Dei store vindauga slepper inn mykje lys, og frå terrassen kan ein nyte den fantastiske utsikta over Førde.

Måten vi bur på påverkar oss. Vi trur løysingane i ZIK-ZAK legg grunnlaget for eit godt bumiljø og eit sosialt naboskap.

01.jpg

ZIK-ZAK – der ein møtast litt oftare

Eit kjekt møte med andre gjer noko med oss. I blant treng det ikkje vere meir enn ein prat med naboen ved postkassa. Andre gongar samlar kanskje nabolaget seg til ein festleg kveld. Med bustad i ZIK-ZAK er det meste lagt til rette for at ein kan bu sosialt.

02.jpg

ZIK-ZAK – bu landleg, men sentralt, i eit sosialt bumiljø

Måten vi bur på kan både bidra til å isolere oss, og til å gjere oss meir sosiale. Vi i Gravdalgruppa ønskjer å bidra til å skape bustadar som fremmar det å bu sosialt. Vi har lete oss inspirerer av både gamle klyngetun, og fenomenet “cohousing”. Difor er vi stolte over å kunne presenterer ZIK-ZAK – ein meir sosial måte å bu på.

03.jpg

ZIK-ZAK - nyt bylivet på landet

Mange ønskjer å bu fredeleg, landleg og roleg. Ein stad der du kan nyte soldagar på terrassen utan støy. Ein stad der du slepp unna trafikk, sentrumsstøy og anna ståk. Men samtidig vil vi jo bu nær alle tenester og tilbod vi nyttar oss av. På Falkenstein får du begge deler: Her kan du nyte bylivet på landet.

04.jpg

ZIK-ZAK – med vidsyn på Førde

I planlegginga av ZIK-ZAK har vi lagt stor vekt på at leilegheitene skal vere lyse og trivelege, for å matche dei flotte omgivnadane og utsikta. Her bur du fritt og luftig på Falkenstein, med vidsyn ut over Førde, frå fjord til fjell. Anten ein sit på ein hustrig haustdag og ser vêret leike, eller ein ser ut over eit solfylt sommar-Førde. Same når det er på året, med bustad i ZIK-ZAK får bebuarane ei storslegen utsikt.

Når vêret spelar på lag er sjølvsagt livet best ute. Difor har leilegheitene romslege terrassar, som alle ligg vende mot sør. Fleire av leilegheitene har to terrassar, og alle har delvis takoverbygg.

Når gråvêret set inn, er det godt å kunne køyre bilen i parkeringskjellaren og ta heisen rett opp i leilegheita si.

Planteikningar

Kontakt

 
Bente Andenæs.jpg

Bente Andenæs

Tlf: 90 82 14 17
E-post: ba@gravdal.no