Studio K43 - alle selde!

Førde

Studio K43 - alle selde!

Leilegheiter med wow-faktor!

I Kyrkjevegen 43 i Førde er 15 råtøffe studioleilegheiter snart klare for innflytting. Alle leilegheitene er no selde.

FRITT OG FINT: No blir det jobba for fullt både ute og inne i Studio K43 for å få alt klart til dei 15 bebuarane skal flytte inn.

Snart klart

No blir det måla, lagt golv og montert kjøkken i Studio K43. Går alt etter planen kan bebuarane komme med flyttelassa sine i februar/mars 2022.

I ei studioleilegheit får du mykje for pengane. I Studio K43 har vi funne smarte løysingar og nytta kvar kvadratmeter på ein slik måte at du har alt du treng på litt mindre plass. Du finn ikkje noko likanade i Førde, dette blir røft og tøft.

SENTRALT: Frå Studio K43 er det kort avstand til alt i Førde - og flott utsikt både mot sentrum og Hafstadparken!

SENTRALT: Frå Studio K43 er det kort avstand til alt i Førde - og flott utsikt både mot sentrum og Hafstadparken!

juni 21.jpg

Særpreg

Takhøgda på 3,5 meter og vindauga som strekker seg frå golv til tak gir K43 ein skikkeleg wow-effekt. Marta testar benken i vindaugs-karmen. Dette kan fort bli favorittplassen til bebuarane! I Studio K43 har alle fri utsikt til elva og Hafstadparken.

 

Dei store vindaugskarmane og alle vindauge kom på plass før sommarferien. Det er kompliserte operasjonar når delane har slike dimensjonar. Her kom kranbilen verkeleg til nytte!

hems (2).jpg

Soveplass

Hemsane i leilegheitene er ferdige. I toppetasjen er det også takvindauge.
Går alt etter planen skal leilegheitene vere klare for innflytting i februar/mars 2022.

StudioK43_4E_interi%C3%B8r_3-takvindu.jpg

Sjå mot stjernene

Alle leilegheitene har praktisk hems. I toppetasjen er det ekstra takhøgde og takvindauge - med fri sikt til stjernene.

StudioK43_set+udefra+altan.jpg

Uteliv

Endeleilegheitene har gode, solrike balkongar. Midtleilegheitene har fransk balkong med doble dører slik at ein kan nyte sola, utsikta og elva som renn forbi.

StudioK43_altan_vesthj%C3%B8rnet.jpg

Fri utsikt

Alle balkongane er på 7 m2. Her kan du nyte sola både til frukost og ettermiddagskaffien.

 
StudioK43_fellesterrasse.jpg

Panorama

I 4. etasje blir det ein stor felles terrasse, solrik og med panoramautsikt over sentrum. Her kan ein grille eller samlast i andre sosiale lag.

BilderTrapp-K43.jpg

Ulike løysingar

Området under trappa blir levert med pc-pult (bilete t.v.). Skap og ekstra hyller kan ein få som tilval.

Aerial view 19.jpg

Midt i smørauget

I Studio K43 bur ein tett på alt som skjer i Førde: Kafear, shopping og uteliv i sentrum. Kino, teater eller symjehallen i Førdehuset. Skal du på høgskulen eller jobbe på sjukehuset, er det berre nokre minutt på sykkelen.

GODE KVALITETAR I STUDIO K43:

• Utvending solskjerming

• Balkongdører med tiltefunksjon for lufting

• Bod i same etasje som leilegheita

• Felles uteområde med panoramautsikt i 4. etg.

• Innandørs sykkelparkering i 1. etg.

• Heis

• Carport og ekstra sportsboder

• Tilkomst via ny avkøyring frå Kyrkjevegen

• K43 ligg innanfor bomringen

• Sigdal-kjøkken med integrerte kvitevarer

• Romsleg bad med plass til vaskemaskin

• Djupe vindaugskarmar med sitteplass

• Ein del leilegheiter har røffe betongveggar

• Stor hems med spesialdesigna trapp

• Eikeparkett

• Gang med garderobe og god oppbevaring

• Balkong eller fransk balkong

Kontakt oss

 
Bente Andenæs.jpg

Bente Andenæs
Tlf: 90 82 14 17
epost: ba@gravdal.no

Liv Grimsbø.jpg

Liv Grimsbø
Tlf:
40 87 52 46
epost: lg@gravdal.no